Opna hovudmenyen

Kandidatmeister i sjakk (CM) (Candidate Master på engelsk) er ein sjakktittel som blir delt ut av Verdssjakkforbundet FIDE til sjakkspelarar, vanlegvis fordi desse har oppnådd FIDE-rating på 2200 eller meir på ei offisiell FIDE ratingliste.

Tittelen er den lågast rangerte tittelen som FIDE delar ut, etter Stormeister i sjakk (GM), Internasjonal Meister i sjakk (IM) og FIDE-meister i sjakk (FM). Tittelen er livsvarig, og er open for både kvinner og menn.

Ein blir også tildelt tittelen etter gode resultat i internasjonale sjakkturneringar. [1]


FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra

FotnotarEndra