Kantharos (gresk κάνθαρος) er ei form for gresk keramikk som blei nytta som drikkekar. I den gjenkjennelege Type A-forma er han karakterisert av ein djup bolle, høge fotstykke og eit par høge, vertikale hankar, som strekkjer seg over kanten på karet. Dei greske orda kotylos (κότῦλος, hankjønn) og kotyle (κοτύλη, hokjønn) er andre namn for same form.[1]

Kantharos frå Boiotia, seingeometrisk tid, ca. 715–700 f.Kr.
Raudfigurkantharos kantharos frå Puglia (Italia) med kvinnehovud, 320–310 f.Kr. (Walters Art Museum)

Kantharos er ein kopp som blei nytta til å ha vin i, moglegvis for å drikka han eller for bruk i ofringar. Kantharosar synest å knyttast til Dionysos, guden for vin, som igjen òg var knytt til vegetasjon og fruktbarheit. Dionysos blei ofte framstilt haldande på denne typen kar, som til dømes på ein sølvtatermynt som blei prega mellom 420-410 f.Kr. i Nagidos i Kilikia.[2][1]

Ulike utgåver endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Andrew J. Clark; Elston, Maya; Hart, Mary Louise (2002): Understanding Greek Vases: A Guide to Terms, Styles, and Techniques, Getty, ISBN 978-0-89236-599-9, s. 101
  2. Elderkin, George W. (1924): Kantharos: Studies in Dionysiac and Kindred Cult, Princeton: Princeton University Press, s. 4

Litteratur endre