Koordinatar: 41°0′31″N 16°30′46″E

Regione Puglia
Kart som viser plasseringa til Puglia i Italia
Hovudstad Bari
President Nichi Vendola
Provinsar Bari
Brindisi
Foggia
Lecce
Taranto
Kommunar 258
Areal 19 366 km²
 - Rangering 7. (6,4 %)
Folketal (2006 est.)
 - Totalt 4 071 518
 - Rangering 7. (7,0 %)
 - Tettleik 210/km²
Heimeside www.regione.puglia.it

Puglia (latin Apulia) er ein region søraust i Italia. Hovudstaden er Bari. Det grensar til Adriahavet i aust, Det joniske havet i søraust og Otrantosundet og Tarantobukta i sør. Den sørlege delen av regionen består av Salento, halvøya som utgjer den høge helen på den italienske «støvelen». Regionen har eit areal på 19 345 km² og har om lag 4 millionar innbyggjarar. Av andre regionar grensar Puglia til Molise i nord, Campania i vest og Basilicata i sørvest. På andre sida av havet ligg Hellas og Albania. Regionen strekkjer seg nord til Gargano, og var åstad for dei siste stadia i den andre punarkrigen.

Geografi endre

Puglia består stort sett av sletter, men den låge kysten er broten av den fjellkledde Garganohalvøya i nord, og det er òg fjell i nordlege, sentrale område av regionen.

Andre viktige byar er Alberobello, Andria, Barletta, Bitonto, Canosa, Conversano, Corato, Gallipoli, Gravina in Puglia, Grottaglie, Manfredonia, Martina Franca, Mattinata, Molfetta, Monopoli, Ostuni, Otranto, Palo del Colle, Santa Maria di Leuca, San Giovanni Rotondo, San Vito dei Normanni, Trani, Lizzano, Taranto, Bari, Lecce, Manduria og Leverano.

 
Regionane i Puglia

Puglia er delt inn i seks provinsar:

Historie endre

I antikken var det berre den nordlege delen av regionen som vart kalla Puglia (eller Apulia), medan den sørlege halvøya vart kalla Calabria, eit namn som seinare, og i dag, vert nytta om «tåa» på den italienske «støvelen».

 
Ein gravina ved Gravina i Puglia.

Området er ein av dei stadane i Italia med flest arkeologiske funn og regionan har vore busett sidan det første tusentalet fvt. av fleire illyriske og gamle italiske folk. Seinare utvida grekarane områda sine til Taranto og Salento.

Puglia var eit viktig område for romarane, som erobra det på 300-talet fvt. Det var derimot her dei tapte slaget ved Cannae mot Hannibal. Etter at kartagarane forlet området erobra romarane hamnene Brindisi og Taranto og oppretta styret over regionen. Under Romarriket blømde Apulia med produksjon av korn og olje og vart den viktigaste eksportøren til dei austlege provinsane.

Etter Romarriket sitt fall vart Puglia tatt av gotarar, langobardar og frå 500-talet og utover av Austromarriket. Bari vart hovudstad i ein provins som dekte det moderne Basilicata og vart styrt av ein catapanato (guvernør). Frå år 800 tok sarasenarar over området for ei stund før austromarane igjen tok over fram til 1000-talet, då normannarar erobra det.

 
Ostuni.

Robert Guiscard oppretta hertugdømet Puglia i 1059. Etter normannararne erobra Sicilia seint på 1000-talet vart Palermo det nye maktsenteret for normannarane i staden for Melfi (like vest for dagens Puglia) og Puglia vart berre ein del av provins, først som ein del Kongedømet Sicilia, så av Kongedømet Napoli. Frå seint på 1100-talet til tidleg på 1200-talet var Puglia residens for Hohenstaufen-keisarane, som Fredrik II. Etter at arvingen hans, Manfred fall under Angevine og Aragon sitt styre av Puglia, vart regionen meir og meir dominert av fleire mektige landeigarar (Baroni). Kysten vart okkupert tre gonger av Det osmanske riket og Republikken Venezia. Franskmennene kontrollerte òg regionen i 1806-1815, noko som førte til at føydalismen vart avskaffa og rettsvesenet vart gjenoppretta.

Fridomsrørsler byrja å spreie seg i 1820-åra. I 1861 då Begge Siciliar fall, vart regionen ein del av Italia. Samfunns- og jordbruksreformer hadde utvikla seg sakte på 1800-talet, men skaut fart på midten av 1900-talet.

Demografi endre

Kommune Folketal (2001)
Bari 316 532
Taranto 202 033
Foggia 155 203
Andria 95 653
Barletta 92 094
Brindisi 89 081
Lecce 83 303
Altamura 64 167
Molfetta 62 546
Manfredonia 57 704
Cerignola 57 366
Bitonto 56 929
San Severo 55 861
Trani 53 139
Bisceglie 51 718

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre


 
Regionar i Italia
Abruzzo  | Basilicata  | Calabria  | Campania  | Emilia-Romagna  | Friuli-Venezia Giulia  | Lazio  | Liguria  | Lombardia  | Marche  | Molise  | Piemonte  | Puglia  | Sardinia  | Sicilia  | Toscana  | Trentino-Alto Adige  | Umbria  | Valle d'Aosta  | Veneto