Karelske pirogar (finsk karjalanpiirakka, karelsk kalittoa, piiras eller šipainiekku) er ein tradisjonell austersjøfinsk (finsk/karelsk/vepsisk) pirog som består av eit tynt rugskal fylt med risengrynsgraut eller potetmos.[1][2]

Karelsk pirog utan eggesmør.
Karelske pirogar med eggesmør.

Dei karelske pirogane var opphavlege ein delikatesse frå nord- og grensekarelen som blei spreidd til resten av Finland i og med evakueringa av karelane under andre verdskrigen.[treng kjelde] Matretten fekk samstundes namnet karelsk pirog.

Det er søkt om EU-vern for produktet, der det vert kravd at deigen skal lagast av minst 50 prosent rug, og at fyllet berre kan bestå av ris, korn eller potet.[3][4] Ellers finst det også blant anna gulrotfylte pirogar, men desse vil ikkje kunne bruke den beskytta nemninga karelske pirogar.

Kjelder endre

  1. Oppslagsverket.fi.
  2. «Oppskrifter til nordisk gjestebud» (PDF). Henta 25. januar 2023. 
  3. «Erityisluonnetta koskevista todistuksista annetun neuvoston asetuksen (ETY) N:o 2082/92 8 artiklan 1 kohdassa toisessa alakohdassa tarkoitettu rekisteröintihakemuksen julkaiseminen (2002/C 102/08)». EU:n virallinen lehti C102/2002, sivut 14–15. 27. april 2002. Henta 28. oktober 2018. 
  4. «Komission asetus (EY) N:o 317/2003». eur-lex.europa.eu. Euroopan unioni. 19. februar 2003. Henta 23. januar 2016. 

Bakgrunnsstoff endre