Karen Diane Magnussen (fødd 4. april 1952) er ein kanadisk tidlegare kunstløparskeiser som vart verdsmeister i 1973.

Karen Magnussen


Statsborgarskap Canada
Fødd 4. april 1952 (71 år)
Vancouver
Idrett Kunstløp
Tok del i

figure skating at the 1972 Winter Olympics – ladies, figure skating at the 1968 Winter Olympics – ladies

Utmerkingar

offiser av Order of Canada, Canada's Sports Hall of Fame, Bobbie Rosenfeld Award

Magnussen er frå Vancouver i British Columbia, dotter av ein utvandrar frå Noreg, mor hennar var fødd i Sverige. Åra 1971-73 var Magnussen mellom dei beste kvinnelege kunstløparane i verda. I 1971 vann ho bronsemedaljen då verdsmeisterskapen fann stad i Lyon. Året etter kom ho på sølvplassen både under Vinter-OL i Sapporo og VM i Calgary, i begge tevlingane vart ho overgått av Beatrix Schuba frå Austerrike. Ved VM i kunstløp 1973 i Bratislava sigra Magnussen med god margin til Janet Lynn frå USA.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre