Britisk Columbia
Britisk Columbia er den provinsen i Canada som ligg lengst vest. Han er vidkjent for naturvenleik, som det kjem fram i det latinske motto for provinsen, Splendor sine occasu. Hovudstaden er Victoria, men den største byen er Vancouver som òg er den tredje største metropolen i Canada.
British Columbia | |||
Colombie-Britannique | |||
provins | |||
|
|||
Motto: Splendor Sine Occasu (latin, 'Prakt utan ende') | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Victoria | ||
Største by | Vancouver | ||
Areal | 944 735 km² | ||
Folketal | 5 000 879 (2021)[1] | ||
Grunnlagd | 20. juli 1871 | ||
Språk | engelsk de facto, fransk (ingen oppgjevne i lovverket) | ||
Tidssone | UTC−8 & −7 | ||
Britisk Columbia 54°30′N 124°30′W / 54.5°N 124.5°W | |||
Kart som viser Britisk Columbia.
| |||
Wikimedia Commons: British Columbia |
Geografi
endre- Sjå òg Klima i Canada.
Britisk Columbia ligg ut mot Stillehavet i vest, grensar mot Alaska i nordvest, til Yukon og Nordvestterritoria i nord og til provinsen Alberta i aust. I sør har Britisk Columbia grensar mot tre USA-amerikanske statar i sør, Washington, Idaho og Montana. Arealet av Britisk Columbia er 944 735 kvadratkilometer som svarar til storleiken av Frankrike, Tyskland og Nederland til saman. Kystlinja strekkjer seg over meir enn 27 000 kilometer og femnar om djupe fjordar og kring 6000 øyar, dei fleste utan busetnad.
Victoria ligg lengst sør på øya Vancouver Island. Vancouver ligg lengst sørvest på fastlandet, mot Georgiasundet. Prince George er den største byen i den nordlege delen av provinsen.
Fjellkjeder, fjordar og innanskjers område langs Stillehavskysten utgjer dei kjente naturlandskapa i provinsen. Høgfjellsområde over 1000 moh. utgjer meir enn 75 % av arealet av provinsen, 60 % er skogkledd, men berre kring 5 % er dyrkande. Okanagan er eit av tre vinområde i Canada der vert det òg produsert sider. I sør, på grensa mot USA, finst område som er halvtørre og her finn ein noko av det varmaste klima i Canada.
Mykje av vestsida av øya Vancouver og resten av kystlinja nord til Alaska Panhandle er dekt med temperert regnskog. Liknande økosystem finn ein i staten Washington, i Chile, New Zealand, Tasmania og i russisk Asia.
Klimaet i innlandet i provinsen er ikkje så sterkt moderert av Stillehavet. Her er variasjonar frå ørken og halvtørt steppeland til område med dramatiske juv. Nokre dalar i sørlege innland har mykje snø og kalde vintrar, medan nordre område er så kalde som andre stader på same breiddegrad og høgde i Canada.
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Provincial Archives (includes online photo database) Arkivert 2016-07-30 ved Wayback Machine.
- BC Govt online map archive (free)
- The Royal BC Museum
- Travel British Columbia - GoBC British Columbia Travel Information for Arts and Cultural Travel
- BC Highway Condition Reports British Columbia Highways Travel including BC Highway Traffic Cameras
- The Political Economy of British Columbia's Rainforests