Kargilkrigen
Kargilkrigen eller Kargilkonflikten var ein væpna strid mellom India og Pakistan som fann stad mellom mai og juli 1999 i Kargil-distriktet i Kashmir. Krigen braut ut etter at soldatar frå den pakistanske hæren og kasjmirske geriljastyrker gjekk over de facto-grensa «Line of Control» og tok opp stillingar i indisk-styrt Kashmir. Indiske åtak på dei pakistanske stillingane og internasjonalt diplomati førte til at dei pakistanske styrkane trekte seg tilbake til si side av kontrollinja.
Krigen var den første opne konflikten mellom India og Pakistan etter at begge landa hadde utvikla atomvåpen. Han førte til auka spenning og brotne diplomatiske band mellom dei to landa, ein auke i forsvarsbudjettet i India, og gav truleg det hindunasjonalistiske partiet BJP auka oppslutting. I Pakistan førte krigen til uro i økonomi og politikk, og i oktober same året tok hæren og general Pervez Musharraf makta gjennom eit statskupp.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kargilkrigen» frå Wikipedia på engelsk, den 17. desember 2007.