Pervez Musharraf
Pervez Musharraf (11. august 1943–5. februar 2023) var ein pakistansk general og president av Pakistan frå 2001 til 2008.
Pervez Musharraf urdu پرویز مشرف | |||
| |||
President av Pakistan | |||
Periode | (Chief Executive frå 12. oktober 1999) 20. juni 2001–18. august 2008 | ||
---|---|---|---|
Parti | Pakistan Muslim League (Q) | ||
Fødd | 11. august 1943 | ||
Fødestad | Delhi | ||
Død | 5. februar 2023 | ||
Dødsstad | American Hospital Dubai | ||
Ektefelle | Begum Sehba Musharraf | ||
Barn | Bilal Musharraf
| ||
Føregangar | Muhammad Rafiq Tarar | ||
Etterfølgjar | Muhammad Mian Soomro |
Musharraf tok makta i Pakistan som sjølvutnemnd Chief Executive den 12. oktober 1999 og som president frå 20. juni 2001. Han var leiar for det pakistanske militæret frå 1998 fram til han gjekk av i november 2007. I august 2008 trekte han seg som president etter trugsmål om å stillast for riksrett. Musharraf levde deretter i sjølvvald eksil i London i fleire år, før han vende tibake til Pakistan i mars 2013. Han hadde tenkt å stilla til val i presidentvalet, men blei rettsleg stoppa. Det er blitt lagt fram fleire klagemål mot Musharraf knytt til innføringa av unntakstilstanden i 2007 og attentata på mellom anna Benazir Bhutto og Akbar Bugti. Etter fleire forseinkingar blei han 31. mars 2014 tiltalt for høgforræderi ved ein spesiell domstol utnemnd av regjeringa til Nawaz Sharif.[1]
Bakgrunn
endreMusharraf blei fødd i Daryaganj i Delhi i det noverande India, då Britisk India, og flytta med familien sin til Pakistan då den britiske kolonien blei delt og fekk sjølvstende i 1947. Frå 1949 til 1956 budde familien i Tyrkia, der faren var yrkesdiplomat.
Militær karriere
endreMusharraf gjekk inn i den pakistanske hæren i 1964, og kjempa i krigane mot India i 1965 og 1971. Han underviste seinare ved den militære høgskulen i Quetta og fekk vidare utdanning ved Royal College of Defence Studies i London.
Etter å ha hatt fleire leiande stillingar i hæren blei Musharraf utnemnd til øvstkommanderande i hæren i 1998 av den dåverande statsministeren Nawaz Sharif. Året etter markerte Pakistan seg militært ved å utføra si første sprenging av kjernevåpen og gå inn i den indiske delen av Jammu og Kashmir. Kargil-krigen enda med at dei pakistanske styrkane, leia av Musharraf, måtte trekka seg ut grunna internasjonalt press.
Nokre månader seinare, den 12. oktober 1999, forsøkte Sharif å avsetta Musharraf medan han flaug heim frå Sri Lanka. Militæret tok då over makta på flyplassen, slik at generalen kunne landa, og andre regjeringsbygg. Deretter blei Musharraf leiar, i følgje seg sjølv motvillig, for nok eit pakistansk militærdiktatur.
Etter sterkt internasjonalt press sa Musharraf frå seg stillinga som stabsleiar den 27. november 2007, og visekommanderande Ashfaq Kiyani overtok stillinga.
Statsleiar
endreMusharaff blei først Chief Executive og den 20. juni 2001 president av Pakistan. Sjølv om han lova ei gradvis tilbakevending til folkestyre, oppløyste Musharraf nasjonalforsamlinga i 2002, innførte endringar i grunnloven og ga seg sjølv retten til å utnemna høgsterettsdommarar og militærleiarar. Som styringsorgan oppnemnde han Det nasjonale tryggingsrådet (National Security Council) med dei øvste leiarane av militæret og politikken som medlemmer. I ei folkerøysting i oktober same året blei Pervez Musharraf vald som president i fem nye år, men opposisjonen boikotta røystinga, og under 30 % deltok.
I 2007 tilspissa to konfliktar seg for styret til Musharraf, som møtte motstand frå både juridisk og religiøst hald. Den eine striden gjaldt høgsterettsjustitiarius Iftikhar Mohammad Chaudhry, som presidenten prøvde å avsetta i mars det året. Handlinga førte til store protestar og demonstrasjonar frå advokatar og andre pakistanarar. Den andre saka gjaldt den aggressivt islamistiske raude moskeen i Islamabad, som til slutt blei storma av styresmaktene den 10. juli.
3. november 2007 erklærte Musharraf unntakstilstand i Pakistan etter at Høgsterett ikkje ville godkjenna attvalet av han som president. 29. november blei han teken i eid som president for sin andre periode, to dagar etter at han hadde gått av som militærleiar.
I løpet av 2008 blei det eit stadig sterkare press mot Musharraf, frå politikarar såvel som juriststanden. I august blei regjeringspartia i landet einige om å stilla presidenten for riksrett. 18. august 2008 heldt Musharraf ein fjernsynstale der han erklærte at han kom til å gå av som president.
Syn på Musharraf
endreMusharraf var ønskt velkomen av mange pakistanarar og utanlandske styresmakter, som såg på han som ein moderat og stabiliserande leiar i eit land som var plaga av lovlaus muslimsk fundamentalisme og korrupsjon. Samstundes var han i byrjinga støtta av pakistanske islamistar, som tradisjonelt har hatt eit godt tilhøve til militæret i Pakistan.
Eit moderat Pakistan blei ein viktig samarbeidspartnar for USA og allierte etter åtaka på World Trade Center i New York i 2001, og dei to landa samarbeida om åtak på islamistifiserte stammeområde ved grensa med Afghanistan. Samarbeidet har fått mange islamistar til å sjå på Musharraf som ein forrædar, og han har vore utsett for fleire attentatforsøk.
Pakistan under leiinga til Musharraf er også blitt skulda for å støtta geriljaåtak i Indisk Kashmir og terroriståtak elles i India, som storåtaket på bybanen i Mumbai den 11. juli 2006. Han er også blitt skulda for å ha spreidd atomvåpen i strid med Ikkjespreiingsavtalen.
Medan det er kome mykje kritikk frå det internasjonale samfunnet mot militærstyret til Musharraf, kunne han fortsetja som diktator av landet i ei årrekke utan store problem. Dei viktigaste pakistanske opposisjonsleiarane, Benazir Bhutto og Nawaz Sharif, var i eksil, og Pakistan var inkludert i omverda. I 2007 blei protestane sterkare, mellom anna blei Pakistan utestengd frå Det britiske samveldet den 25. november 2007, og opposisjonsleiarane vende tilbake — sjølv om den korrupsjonskulda Sharif straks blei send ut igjen.
Privat
endreMusharraf er gift med Sehba Musharraf og har to barn. Han er glad i idrett og speler squash, badminton og golf, og har tidlegare drive med kanopadling. Generalen er også interessert i militærhistorie.
Musharraf har markert seg som ein tydeleg sekulær muslim ved å openbert bryta muslimske tabu ved å drikka alkohol og ha hundar som kjæledyr.
Kjelder
endre- ↑ Arif Rafiq, «The Musharraf Boomerang» Arkivert 2014-05-03 ved Wayback Machine., Foreign Policy (APRIL 21, 2014)
- PERVEZ MUSHARRAF: PROFILE på bbc.co.uk
- General Pervez Musharraf på storyofpakistan.com
- Asra Q. Nomani: «My crush on Musharraf» Arkivert 2007-07-16 ved Wayback Machine. i salon.com
- «A general state of disarray» i The Economist