Kari-Anne Henriksen

Kari-Anne Henriksen (fødd 22. april 1980) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Bergen. Ho spelte 12 landskampar for Noreg og skåra 17 mål. I 2002 vann ho EM-sølv med det norske landslaget.

Kari-Anne Henriksen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. april 1980 (43 år)
Bergen
Idrett handball

Karriere endre

Klubbspel endre

Henriksen spelte på Tertnes frå 1997 til 2005. Etter Mette Davidsen la opp grunna skade, fekk Henriksen ein sentral plass i laget som spelstyrar (playmaker) i angrep. Ho var sjølv mykje plaga med skadar, stod fleire sesongar over mange kampar. Frå 2005 til 2009 gjorde ho teneste i danske Ikast. Sidan busette ho seg i Oslo og spelte på Rælingen HK i 2009-10 og Oppsal IF 2010-13.

Landslagsspel endre

Henriksen fekk sin landslagsdebut i oktober 2001 mot Sverige. Semifinalen mot Frankrike under europameisterskapen 2002 vart hennar 12. og siste i landslagsdrakta. EM-finalen såg ho frå tribuneplass, ein kamp som enda med tap 22-25 mot arrangørlandet Danmark.

Merittar endre

Kjelder endre