Kari Nessa Nordtun

Kari Nessa Nordtun (fødd 7. juni 1986) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet som var ordførar i Stavanger kommune frå oktober 2019 til oktober 2023.[1][2] Sidan oktober 2023 har ho vore kunnskapsminister i regjeringa Støre.[3][4]

Kari Nessa Nordtun

Fødd7. juni 1986 (38 år)
Stavanger kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, advokat
InstitusjonarAdvokatfirmaet Elden
Utdanna vedDet juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen
FarTore Nordtun
VervOrdførar i Stavanger
FøregangarChristine Sagen Helgø
EtterfylgjarSissel Knutsen Hegdal
Alle verv
  • ordførar i Stavanger (2020–2023)
  • Norges kunnskapsminister (2023–) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Kari Nessa Nordtun er dotter av den tidlegare ordføraren i Stavanger og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet Tore Nordtun. Nessa Nordtun var elev ved Stavanger katedralskule.[5]

Advokat

endre

Nordtun er utdanna jurist ved Universitetet i Bergen. Etter ho fullførte utdanninga si yrkte ho som advokatfullmektig og seinare som advokat for advokatfirmaet Sjødin, Meling & Co, og dinest for advokatfirmaet Elden DA. I samband med 22 juli-saka var Nordtun mellom anna bistandsadvokat for fornærma og etterlatne. Ho har permisjon frå yrket som advokat for å driva politisk arbeid.[6]

Politisk karriere

endre

Nordtun har vore folkevald i Stavanger bystyre sidan 2011. Ho har vore medlem av formannskapet i Stavanger frå 2013, kommunalutvalet frå 2015 og kommunalstyret for byutvikling i Stavanger frå 2015. Frå januar 2017 var ho gruppeleiar for Stavanger Arbeiderparti si bystyregruppe.

Kommunevalet i 2019

endre

Ved kommunevalet 2019 vart Arbeiderpartiet det største partiet i Stavanger med 25,4 % av røystene. Partiet gjekk veikt tilbake, men mykje mindre tilbake enn i resten av landet og fekk ved valet høgare oppslutnad i Stavanger enn i Oslo, Bergen og Trondheim. Etter valet leia Nordtun ein fleirtalskoalisjon med støtte frå Folkeaksjonen Nei til mer Bompenger, MDG, Raudt, Senterpartiet og SV.[7]

Kommunevalet i 2023

endre

Medan oppslutnaden til Arbeidarpartiet gjekk markant ned fleire stader i landet, ende Arbeidarpartiet i Stavanger til topps med 32,1 % oppslutnad, og vart det største partiet i Stavanger ved kommunevalet i 2023.[8][9] Noko av årsaka til den høge oppslutnaden kunne skuldast innføringa av gratis kollektiv månader før valet.[10] Arbeidarpartiet greidde likevel ikkje å danna eit formannskap.[9][11]

Ved valet, både i 2019 og 2023, fekk Nessa Nordtun flest personstemmer i kommunen.[12][13]

Statsråd

endre

Etter at ho gjekk av som ordførar i Stavanger, vart ho tilbode ministerpost i regjeringa Støre. Ho vart utnemnd til kunnskapsminister den 16. oktober 2023.[3]

Kjelder

endre
  1. Brandvold, Åse: «– Et vinnende vesen». Portrettintervju med Kari Nessa Nordtun i Klassekampen 21. september 2019.
  2. Bruland, Tore (21. oktober 2019). «Kari Nessa Nordtun valgt til ny ordfører». Rogalands Avis. Henta 1. juli 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Endringar i regjeringa». Regjeringen.no. Henta 16. oktober 2023. 
  4. Hedda Kurseth & Vilde Helljesen. «Her er Støre sine nye statsrådar». NRK. Henta 16. oktober 2023. 
  5. Stavanger Aftenblad: "Man kan ikke utsette alle gamle bygg for 2022-tenkemåte". 4. november 2022, s. 9.
  6. «Kari Nessa Nordtun - Advokatfirmaet Elden DA». www.elden.no. Arkivert frå originalen 8. oktober 2017. Henta 7. oktober 2017. 
  7. Tvedt, Knut Are (21. april 2023). «Kari Nessa Nordtun». Store norske leksikon (på norsk). 
  8. «Valgresultat», www.valgresultat.no, henta 15. oktober 2023 
  9. 9,0 9,1 «Stavanger er ikke lenger en blå by», Dagsavisen (på norsk), 24. september 2023, henta 15. oktober 2023 
  10. «Jubler for «Kari-effekten»: Kan gi sjokktall for Ap», www.vg.no (på norsk bokmål), 8. september 2023, henta 15. oktober 2023 
  11. «Blått flertall i Stavanger», www.vg.no (på norsk bokmål), 11. september 2023, henta 15. oktober 2023 
  12. «Flest personlige stemmer til Kari Nessa Nordtun», www.aftenbladet.no (på norsk bokmål), 10. september 2019, henta 15. oktober 2023 
  13. «Nessa Nordtun knuste alle på antall personstemmer», www.aftenbladet.no (på norsk bokmål), 21. september 2023, henta 15. oktober 2023