Opna hovudmenyen
Denne artikkelen handlar om det norske politiske partiet. For fargen, sjå raud.

Raudt (R) er eit norsk sosialistisk parti. Partiet var stifta i 2007, etter at Arbeidaranes Kommunistparti (AKP) og Raud Valallianse (RV) var avvikla for å samle kreftene på ytste venstrefløy i Noreg i eit nytt politisk parti. Raud Ungdom heldt fram som ungdomsorganisasjonen til partiet Raudt.

Raudt
Raudt.svg
IdeologiRevolusjonær
sosialisme

Økososialisme
Feminisme
Marxisme
Oppretta2007
Farge     Raudt
PartileiarBjørnar Moxnes
UngdomsorganisasjonRaud Ungdom
Ordførarar
0 / 428
Kommunestyre-
representantar
80 / 10 620
Fylkestings-
representantar
10 / 777
Stortings-
representantar
1 / 169
Medlemstal6000 (2018)[1]
Nettstadwww.raudt.no

Bjørnar Moxnes er partileiar frå 2012. Marie Sneve Martinussen og Silje Josten Kjosbakken er høvesvis første og andre nestleiar. Benedikte Pryneid Hansen er partisekretær. Leiaren i Raud Ungdom er Tobias Drevland Lund.

Ved stortingsvalet i 2017 vart leiaren i partiet, Bjørnar Moxnes, valt inn frå Oslo. Raudt fekk 2,4 prosent av stemmene på landsplan, mot 1,3 prosent i 2013. I Oslo fekk partiet 6,3 prosent, mot 3,2 prosent i 2013.

Innhaldsliste

Politisk plattformEndra

Raudt har kamp mot forskjells-Noreg som si hovudsak.[2] Partiet er ei samanslåing av Raud Valallianse (RV) og Arbeidernes Kommunistparti (AKP). Raudt er eit revolusjonært, sosialistisk parti. Målet til partiet er å skapa eit samfunn utan utbytting og undertrykking, og som byggjer på rettferd og solidaritet.

Raudt har sin historiske ideologiske bakgrunn i marxismen og maoismen.[3] Partiet kallar seg ikkje kommunistisk, slik forløparen AKP gjorde. Mange medlemar kjem òg frå andre politiske miljø og tradisjonar, mellom anna har den trotskistiske organisasjonen Internasjonale Sosialistar slutta seg til partiet.

HistorieEndra

I samband med skipinga av det nye partiet vart Raud Valallianse og Arbeidernes Kommunistparti lagde ned. Raud Ungdom held fram som ungdomsorganisasjonen til partiet. Det var 260 delegater til stades under skipingsmøtet på Håndverkeren i Oslo. Namnet Raudt vart vald med 128 stemmer mot 71. Andre framlegg til namn var Raudt Val og Solidaritet. Fram til oktober 2007 brukte partiet formelt namnet Raud Valallianse, på grunn av retningslinene i vallova[treng kjelde].

Ved fylkestingsvalet i 2007 fekk RV/ Raudt 2,1 % av røystene, og gjorde sitt beste lokalval nokon gong sidan RV vart skipa. RV/ Raudt fekk i 2007 sin første ordførar i Risør kommune, der Knut Henning Thygesen vart vald i direkteval. Partiet har likevel ikkje slått gjennom på landsbasis i så stor grad som ein hadde håpa, trass i stor entusiasme rundt sjølve partidanninga og mange nye medlemar og sympatisørar. Det har vorte trekt fram fleire moglege årsaker til dette, mellom anna intern strid i partiet og den aukande blokkdanninga i rikspolitikken som følgja av det raudgrøne regjeringssamarbeidet. Ved stortingsvalet i 2009 oppnådde Raudt 1,3% av røystene. Dette var ein framgang frå dei siste vala, men stod likevel ikkje i stil med forventningane i partiet. Heller ikkje i Raudt sine satsingsfylke, Oslo og Hordaland, vart resultatet godt nok, og partiet fekk inkje stortingsmandat.

Partiet er frå 2017 for første gong representert på Stortinget, då partileiar Bjørnar Moxnes vart vald inn for Oslo. Dei har representantar i fleire fylkesting og kommunestyre. Partiet har ingen ordførarar, men fire varaordførarar.

ValhistorikkEndra

Stortingsvalresultat 2009–2017
Årstal Prosent av røystene Mandat
2009 1,3 %
0 / 169
2013 1,1 %
0 / 169
2017 2,4 %
1 / 169
Kommunevalresultat 2007–2015
Årstal Prosent av røystene
2007 1,9 %
2011 1,5 %
2015 2,0 %
      Fylkestingsvalresultat 2007–2015
Årstal Prosent av røystene
2007 2,1 %
2011 1,7 %
2015 2,2 %

LeiingEndra

 
Torstein Dahle var siste leiar RV og den første i Raudt. Her er Dahle på stand for Raudt under Stortingsvalet 2009.

PartileiararEndra

ReferansarEndra

  1. «Rødt lover kamp for økt formuesskatt og ny arveavgift». ABC Nyheter. Henta 26. januar 2019. 
  2. «Rødt varsler kamp mot økte forskjeller». ABC Nyheter. Henta 4. august 2015. 
  3. «Prinsipprogram». Raudt. Henta 26. januar 2019. 


BakgrunnsstoffEndra