Kari Werner Øfsti

Kari Werner Øfsti (3. desember 194028. januar 2011) var ein norsk kringkastingsmedarbeidar, fødd i Trondheim. Ho starta i NRK som programsekretær i NRK Trøndelag frå 1972 til 1980 og var redaksjonssjef frå 1980 til 1983. I perioden 1983 til 1987 jobba ho som distriktssjef,

Kari Werner Øfsti
Fødd 3. desember 1940
Trondheim
Død

28. januar 2011 (70 år)

Yrke direktør
Ektefelle Audun Øfsti

Frå 1987 og fram til 1990 programredaktør i NRK P2, før ho frå 1990 til 1992 var assisterande programdirektør. Ho arbeidde som assisterande radiodirektør for NRK Radio og var kanalsjef for NRK P1 1992 til 2000. Frå 2000 til 2003 var ho direktør for NRK si programverksamheit i Trondheim. Frå 2003 til 2007 leidde ho Kringkastardivisjon og var samstundes Kringkastingssjefens sin stedfortredar.

Frå 2008 til ho døydde i 2011 var ho styreleiar i Trondheim Symfoniorkester, og sat mellom anna i styret for Adresseavisen AS.

Kjelder

endre