Opna hovudmenyen

Caplex er namnet på fleire leksikon på bokmål gjevne ut av Cappelen.

Caplex ettbindsleksikon kom første gong ut i 1990 med nye, reviderte opplag i 1994, 1997, 2001 og 2004. Pål Steigan var hovudredaktør for dei første to utgåvene, Solveig Wikström og Øyvind Skagmo for dei to neste. Utgåvar frå 2004 hadde 1 440 sider.

Caplex multimedia bedrift blei gjeve ut som CD-ROM i 1997.

Caplex nettleksikon var eit nettleksikon som var fritt tilgjengeleg frå 2000 til 2011. på Internett, som vart gjeven ut av forlaget Cappelen. Med sine 64 000 artiklar var Caplex i 2011 det fjerde største norske oppslagsverket av sitt slag (etter bokmåls-/riksmålsutgåva av Wikipedia, Store norske leksikon og Wikipedia på Nynorsk).

Caplex nettleksikon vart lansert 25. august 2000, og hadde i 2005 meir enn 4 millionar besøkande og nesten 30 millionar sidevisingar. Første halvdel av 2006 hadde Caplex i snitt over 4 millionar sidevisingar i månaden. Trass høge vitjartal vart Caplex nettleksikon lagt ned 1. juni 2011.

Ved årsskiftet 2009/2010 kjøpte Allkunne frå Cappelen Damm AS rettane til å publisere mesteparten av stoffet i Caplex. I oktober 2011 tok Allkunne til å publisere leksikontekstar om ulike emne frå Caplex. Allkunnes Caplex-artiklar er vurdert og oppdatert av fagkonsulentar, omsette frå bokmål til nynorsk og redigerte for digitalt format. Caplex-artiklar kan også bli utvida etter behov, skriv Allkunne (2011).

KjelderEndra