Karibar er ei amerikansk urfolkgruppe som folkesette Dei små Antillane i Karibia. Dei var den dominerande gruppa i området då europearane kom til Karibia, og har gjeve opphav til dette namnet.

Karibfamilie teikna av John Gabriel Stedman i 1818.

Gruppa er også kjend som Island Caribs, Kalinago[1] eller Caribs. Dei stammar frå kalinafolk (Mainland Caribs) frå Sør-Amerika.[2] Dei hadde fortrengd tainoar frå Dei små Antillane kort tid før spanjolane kom til øyane,[3] det vil seia på 1300-talet.[4]

Ifølge si eiga overlevering drog forfedrane til karibane frå det søramerikanske fastlandet (Venezuela, Fransk Guyana og Guyana). Dei tok kontroll over Dei små Antillane og dominerte eller fortrengde det arawaktalande ignerifolket som budde der frå før. Nyare språkforsking tyder på at det var ei mindre gruppe menn som kom frå fastlandet og gifta seg med lokale kvinner. Dei førte med seg ein del tradisjonar, men tok også til seg mykje av den arawakiske kulturen, som språket.[5]

Karibane vareit sjøfarande folk som utførte lange reiser i store kanoar uthola frå trestammar.[3] I den tidlege koloniseringsperioden fekk karibane rykte som eit krigarfolk som raida naboøyar. Ifølgje dei spanske conquistadorane var karibane kannibalar som jamleg åt menneskekjøt.[6]

I dag finst det ein del etterkomarar av karibar på Antillane. På Dominica bur ei gruppe på rundt 400 menneske som kallar seg kalino.[4] Garifunafolk eller Black Caribs ( «svarte karibar») er ei gruppe av blanda karibisk, arawakisk og afrikansk opphav som hovudsakleg bur i Sentral-Amerika. Dei blei deporterte av britane til Roatán i Hondurasbukta, og spreidde seg deretter utover langs kysten frå Belize til Honduras og Nicaragua.[4]

KjelderEndra

  1. «Change from Carib to Kalinago now official». Dominica News Online. 22. februar 2015. Arkivert frå originalen 2016-03-08. Henta 3. mars 2016. 
  2. Haurholm-Larsen, Steffen (2016). A Grammar Of Garifuna. University of Bern. s. 7, 8, 9. 
  3. 3,0 3,1 «Carib | History, Traditions, & Facts», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 24. oktober 2019 
  4. 4,0 4,1 4,2 Siverts, Henning (16. september 2019). «karib – folk». Store norske leksikon (på norsk). 
  5. Rouse, Irving (1992), The Tainos: Rise & Decline of the People who Greeted Columbus (på engelsk), Yale University Press, ISBN 9780300051810, henta 24. oktober 2019 
  6. Rouse, Irving (1992). The Tainos. Yale University Press. s. 22–23. ISBN 0300051816. Henta 22. mai 2014.