Karkinitbukta (ukrainsk Каркінітська затока, Karkinitska jatoka) er ei bukt i Svartehavet som skil den sørvestlege Krimhalvøya frå fastlandet i Ukraina. Ho er kalla opp etter den tidlege greske busetnaden Kerkinitis (Κερκινίτης) på kysten av Krimhalvøya der dagens Jevpatoria ligg.

Karkinitbukta
bukt
Tarkhankutneset er det sørlegaste punktet i bukta
Land  Ukraina
Del av Svartehavet
Byar Skadovsk
Stad Svartehavet
 - koordinatar 45°48′N 32°37′E / 45.800°N 32.617°E / 45.800; 32.617
Saltinnhald 18 ‰
Kart
Karkinitbukta
45°48′00″N 32°37′00″E / 45.8°N 32.616666666667°E / 45.8; 32.616666666667
Kart som viser Karkinitbukta.
Kart som viser Karkinitbukta.
Kart som viser Karkinitbukta.
Wikimedia Commons: Karkinitsky Bay

Nordaustenden av Karkinitisbukta, ved Perekopeidet, vert kalla Perekopbukta.