Jevpatoria[a] er ein by på Krimhalvøya i Ukraina. Han ligg 65 km nord for Sevastopol. Byen har kring 125 000 innbyggjarar (2011).

Jevpatoria
Євпаторія, Евпатория, Kezlev
by
Utsyn over Jevpatorija
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Region Krimhalvøya
Høgd 10 moh.
Koordinatar 45°12′13″N 33°21′41″E / 45.20361°N 33.36139°E / 45.20361; 33.36139
Areal 120 km²
Folketal 123 456  (2011)
Folketettleik 1 029 / km²
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 97400 — 97490
Retningsnummer +380-6569
Tidlegare namn Kezlev (Gezlev) (til 1784)
Kart
Jevpatoria
45°12′00″N 33°21′30″E / 45.2°N 33.358333333333°E / 45.2; 33.358333333333
Wikimedia Commons: Yevpatoria
Nettstad: http://www.kalamit.info/

Byen er ein bade- og kurstad og har ein næringsmiddelindustri. Byen har ein stor moské frå 1552 og ei gresk-ortodoks domkyrkje.

Historie

endre

Byen vart grunnlagd som ein gresk koloni på 500- eller 400-talet f.Kr., og vart erobra av Mithradates VI Evpator av Pontos, som byen fekk namnet sitt etter, i første hundreåret f.Kr. Byen kom så under romarar, austromarar og gotarar. I mellomalderen vart byen under namnet Gözleve hamneby for Krim-khanatet, og var den nest største byen på Krim etter hovudstaden til tatarkhanen, Bakhtsjisaraj.

Frå slutten av 1700-talet vart Jevpatoria den viktigaste tilhaldsstaden for karaittane på Krim. Karaittane var ei jødisk sekt med utspring i Mesopotamia på 700-talet. Dei kom til Krim frå Egypt og Palestina på 1200-talet som følgje av det første krosstoget.

Merknadar

endre
  1. Ukrainsk Євпато́рія, russisk Евпато́рия, Jevpatoria, krimtatarisk Kezlev, gresk Ευπατορία, Κερκινίτις - Eupatoria, Kerkinitis, tyrkisk Gözleve, armensk Եվպատորիա - Jevpatoria

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre