Karl Gjellerup

dansk skribent og poet

Karl Adolph Gjellerup (fødd 2. juni 1857 i Roholte ved Præstø, død 13. oktober 1919 i Klotzsche ved Dresden) var ein dansk forfatter som saman med Henrik Pontoppidan fekk Nobelprisen i litteratur i 1917. Svenska Akademien gav Nobelprisen til Gjellerup «för hans mångsidigt rika och av höga ideal burna diktning.»[1][2]

Karl Gjellerup

Karl Adolph Gjellerup
Nasjonalitet Dansk
Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 2. juni 1857
Præstø
Død

13. oktober 1919 (62 år)
ved Dresden

Yrke Forfattar og teolog
Religion ateisme
Ektefelle Eugenia Gjellerup
Karl Gjellerup på Commons

Forfattarskap og Nobeltildeling endre

Gjellerup er i dag ein nesten gløymd forfattar, også i Danmark. Diktinga hans er ikkje særmerkt av stor språkleg kraft, og kunstnarleg var han ujamn. Tonen er heller kjølig og stilen prega av ein alt for framherskande refleksjon. Men forfattaren hadde lese mykje ulik litteratur, og han sat inne med ein omfattande kulturell kunnskap og hadde eit både djupt og opphøgd filosofisk syn som han presenterte med ein fin og alvorleg moralsk interesse. Mange litteraturhistorikarar reknar han som ein ærleg sanningssøkjar.

Nobelpristildelinga blei ikkje entusiastisk motteken i Danmark; dette var under den første verdskrigen og danskane rekna Gjellerup som ein tysk forfattar – han var gift med ei tysk kvinne og hadde lenge budd ved Dresden. Dessutan hadde han til ulike tider lagt seg ut både med Georg Brandes-fløya og den konservative høgrefløya i Danmark. Det blei rekna med at dei nøytrale svenskane ikkje ville vekke spekulasjonar om at dei tok parti i krigen, men heller ønskte å styrke det skandinaviske bandet.

Verk endre

  • En Idealist (1878)
  • Den evige Strid (1878)
  • Antigonos (1880)
  • Arvelighed og Moral (1881)
  • Rødtjørn (1881)
  • Aander og Tider. Et Rekviem over Charles Darwin. (1882)
  • Germanernes Lærling (1882)
  • Romulus (1883)
  • G-Dur (1883)
  • Brynhild (1884)
  • En klassisk Maaned (1884)
  • Vandreaaret. Skildringer og Betragtninger. (1885)
  • Saint-Just (1885)
  • Thamyris (1887)
  • Helikon (1887)
  • En arkadisk Legende (1887)
  • Hagbard og Signe (1888)
  • Minna (1889)
  • Min Kjærligheds bog (1889)
  • Herman Vandel (1891)
  • Richard Wagner i hans Hovedværk „Nibelungens Ring" (1890)
  • Wuthorn. Sørgespil i fem Handlinger (1893)
  • Kong Hjarne Skjald. Tragedie i fem Handlinger (1893)
  • Pastor Mors. En underlig Historie (1894)
  • Hans Excellence. Skuespil indledet ved en Efterskrift til mine Dramer (1895)
  • Den ældre Eddas Gudesange (1895)
  • Die Hügelmühle. Roman in fünf Büchern. (1896)
  • Ved grænsen (1897)
  • Gift og modgift (1898)
  • Die thörichte Liebe (1898)
  • Tankelæserinden (1901)




Litteratur endre

  • Georg Nørregård, Karl Gjellerup - en biografi, C.A. Reitzel, 1988. ISBN 87-7421-613-9.
  • Karl Gjellerup, der Dichter und Denker. Sein Leben in Selbstzeugnissen und Briefen, 2 bind. Quelle & Meyer, Leipzig 1922.
  • Olaf C. Nybo: Karl Gjellerup - ein literarischer Grenzgänger des fin-de-siècle. Dr. Kovač, Hamburg 2002, ISBN 3-8300-0644-6.
  • Heinz Weise (red.): Seit ich zuerst sie sah: Erzähltes Dresden - Zum 150. Geburtstag von Literatur-Nobelpreisträger Karl Gjellerup. Verlags- und Publizistikhaus Dresden, Dresden 2006.

Referansar endre

  1. "for his varied and rich poetry, which is inspired by lofty ideals"
  2. Nobeltildelinga 1917 på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff endre