Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur er ein litteraturpris som blir delt ut årleg til éin forfattar som har stått for eit eineståande forfattarskap.
Prisen blir tildelt av ein femmannskomité frå Svenska Akademien, eit råd av respekterte svenske språkfolk som sit på livstid. Dei fleste medlemmene i akademiet er menn, dei fleste over 70 år, og detter har òg prega komitéen, slik at valet deira av vinnarar kan vera noko konservativt.
Kritikk
endreSidan tildelinga tok til i 1901 har dei fleste prisvinnarane vore europeiske mannlege forfattarar. I dei første åra er dette lett å forstå; det var stort sett berre desse som skreiv og gav ut bøker innan den litteraturtradisjonen komitéen vurderte. Men den same skeivdelinga fortsette også etter at slik litteratur skriven av kvinner og ikkje-europearar blei tilgjengeleg.
Kvinnene som har fått nobelprisen frå 1901 til no er Selma Lagerlöf, Grazia Deledda, Sigrid Undset, Pearl S. Buck, Gabriela Mistral, Nelly Sachs, Nadine Gordimer, Toni Morrison, Wislawa Szymborska, Elfriede Jelinek, Doris Lessing, Herta Müller og Olga Tokarczuk. Resten er menn.
Den første afrikanaren, Wole Soyinka, fekk prisen i 1986, medan den første svarte kvinna som fekk han var Toni Morrison i 1993. På den andre sida gjekk prisen til ei kvinne, Selma Lagerlöf, allereie i 1909, og den første ikkje-europearen, indiske Rabindranath Tagore, i 1913. Ein har prøvd å retta på ulikskapen i dei seinare åra, men hundre års tradisjon kan vera vanskeleg å venda.
Nobelprisen i litteratur er òg blitt kritisert for ikkje å ha plukka ut forfattarar som seinare er blitt rekna som særs viktige innan verdslitteraturen, til dømes Anna Akhmatova, Jorge Amado, Jorge Luis Borges, Bertolt Brecht, Anton Tsjekhov, Joseph Conrad, Robert Frost, Graham Greene, Aldous Huxley, Henrik Ibsen, James Joyce, Franz Kafka, D.H. Lawrence, William Somerset Maugham, Alberto Moravia, Robert Musil, Vladimir Nabokov, George Orwell, Fernando Pessoa, Ezra Pound, Marcel Proust, J.D. Salinger, Leo Tolstoj, Marina Tsvetajeva, Mark Twain, Tennessee Williams og Virginia Woolf.
Vinnarar av Nobelprisen i litteratur
endre1900-åra
endreÅr | Namn | Land |
---|---|---|
1901 | Sully Prudhomme | Frankrike |
1902 | Theodor Mommsen | Tyskland |
1903 | Bjørnstjerne Bjørnson | Noreg |
1904 | Frédéric Mistral | Frankrike |
José Echegaray y Eizaguirre | Spania | |
1905 | Henryk Sienkiewicz | Polen |
1906 | Giosuè Carducci | Italia |
1907 | Rudyard Kipling | Storbritannia |
1908 | Rudolf Christoph Eucken | Tyskland |
1909 | Selma Lagerlöf | Sverige |
1910-åra
endreÅr | Namn | Land |
---|---|---|
1910 | Paul Johann Ludwig Heyse | Tyskland |
1911 | Maurice Maeterlinck | Belgia |
1912 | Gerhart Hauptmann | Tyskland |
1913 | Rabindranath Tagore | India |
1915 | Romain Rolland | Frankrike |
1916 | Carl Gustaf Verner von Heidenstam | Sverige |
1917 | Karl Adolph Gjellerup | Danmark |
Henrik Pontoppidan | Danmark | |
1919 | Carl Spitteler | Sveits |
1920-åra
endreÅr | Namn | Land |
---|---|---|
1920 | Knut Hamsun | Noreg |
1921 | Anatole France | Frankrike |
1922 | Jacinto Benavente | Spania |
1923 | William Butler Yeats | Irland |
1924 | Władysław Reymont | Polen |
1925 | George Bernard Shaw | Irland |
1926 | Grazia Deledda | Italia |
1927 | Henri Bergson | Frankrike |
1928 | Sigrid Undset | Noreg |
1929 | Thomas Mann | Tyskland |
1930-åra
endreÅr | Namn | Land |
---|---|---|
1930 | Sinclair Lewis | USA |
1931 | Erik Axel Karlfeldt | Sverige |
1932 | John Galsworthy | Storbritannia |
1933 | Ivan Alekseyevich Bunin | Russland |
1934 | Luigi Pirandello | Italia |
1936 | Eugene O'Neill | USA |
1937 | Roger Martin du Gard | Frankrike |
1938 | Pearl S. Buck | USA |
1939 | Frans Eemil Sillanpää | Finland |
1940-åra
endreÅr | Namn | Land |
---|---|---|
1944 | Johannes Vilhelm Jensen | Danmark |
1945 | Gabriela Mistral | Chile |
1946 | Hermann Hesse | Sveits |
1947 | André Gide | Frankrike |
1948 | T. S. Eliot | USA/Storbritannia |
1949 | William Faulkner | USA |
1950-åra
endreÅr | Namn | Land |
---|---|---|
1950 | Bertrand Russell | Storbritannia |
1951 | Pär Lagerkvist | Sverige |
1952 | François Mauriac | Frankrike |
1953 | Winston Churchill | Storbritannia |
1954 | Ernest Hemingway | USA |
1955 | Halldór Laxness | Island |
1956 | Juan Ramón Jiménez | Spania |
1957 | Albert Camus | Frankrike |
1958 | Boris Pasternak (Борис Леонидович Пастернак; avslo) | Russland |
1959 | Salvatore Quasimodo | Italia |
1960-åra
endreÅr | Namn | Land |
---|---|---|
1960 | Saint-John Perse | Frankrike |
1961 | Ivo Andrić | Jugoslavia |
1962 | John Steinbeck | USA |
1963 | Giorgos Seferis | Hellas |
1964 | Jean-Paul Sartre (avslo) | Frankrike |
1965 | Mikhail Sjolokhov (Михаил Александрович Шолохов) | Russland |
1966 | Samuel Josef Agnon | Israel |
Nelly Sachs | Tyskland | |
1967 | Miguel Ángel Asturias | Guatemala |
1968 | Yasunari Kawabata | Japan |
1969 | Samuel Beckett | Irland |
1970-åra
endreÅr | Namn | Land |
---|---|---|
1970 | Aleksandr Solzjenitsyn | Russland |
1971 | Pablo Neruda | Chile |
1972 | Heinrich Böll | Tyskland |
1973 | Patrick White | Australia |
1974 | Eyvind Johnson | Sverige |
Harry Martinson | Sverige | |
1975 | Eugenio Montale | Italia |
1976 | Saul Bellow | Canada/USA |
1977 | Vicente Aleixandre | Spania |
1978 | Isaac Bashevis Singer | USA |
1979 | Odysseas Elytis | Hellas |
1980-åra
endreÅr | Namn | Land |
---|---|---|
1980 | Czesław Miłosz | Polen/USA |
1981 | Elias Canetti | Storbritannia |
1982 | Gabriel García Márquez | Colombia |
1983 | William Golding | Storbritannia |
1984 | Jaroslav Seifert | Tsjekkoslovakia |
1985 | Claude Simon | Frankrike |
1986 | Wole Soyinka | Nigeria |
1987 | Joseph Brodsky | Russland-USA |
1988 | Naguib Mahfouz | Egypt |
1989 | Camilo José Cela | Spania |
1990-åra
endreÅr | Namn | Land |
---|---|---|
1990 | Octavio Paz | Mexico |
1991 | Nadine Gordimer | Sør-Afrika |
1992 | Derek Walcott | St. Lucia |
1993 | Toni Morrison | USA |
1994 | Kenzaburō Ōe (大江 健三郎) | Japan |
1995 | Seamus Heaney | Irland |
1996 | Wisława Szymborska | Polen |
1997 | Dario Fo | Italia |
1998 | José Saramago | Portugal |
1999 | Günter Grass | Tyskland |
2000-åra
endreÅr | Namn | Land |
---|---|---|
2000 | Gao Xingjian (高行健) | Frankrike |
2001 | V.S. Naipaul | Storbritannia |
2002 | Imre Kertész | Ungarn |
2003 | J.M. Coetzee | Sør-Afrika |
2004 | Elfriede Jelinek | Austerrike |
2005 | Harold Pinter | Storbritannia |
2006 | Orhan Pamuk | Tyrkia |
2007 | Doris Lessing | Storbritannia |
2008 | Jean-Marie Gustave Le Clézio | Frankrike |
2009 | Herta Müller | Tyskland/Romania |
2010-åra
endreÅr | Namn | Land |
---|---|---|
2010 | Mario Vargas Llosa | Peru |
2011 | Tomas Tranströmer | Sverige |
2012 | Mo Yan | Kina |
2013 | Alice Munro | Canada |
2014 | Patrick Modiano | Frankrike |
2015 | Svetlana Aleksijevitsj | Kviterussland |
2016 | Bob Dylan | USA |
2017 | Kazuo Ishiguro | Storbritannia/Japan |
2018 | Olga Tokarczuk | Polen |
2019 | Peter Handke | Austerrike |
2020-åra
endreÅr | Namn | Land |
---|---|---|
2020 | Louise Glück | USA |
2021 | Abdulrazak Gurnah | Storbritannia |
2022 | Annie Ernaux | Frankrike |
2023 | Jon Fosse | Noreg |
Bakgrunnsstoff
endre- Nobelprisvinnarar ved nobel.se