Karl Hugo Strunz
Karl Hugo Strunz (24. februar 1910–19. april 2006) var ein tysk mineralog. Han er mest kjend for å ha skapt Nikkel-Strunz-klassifiseringa
Karl Hugo Strunz | |||
Fødd | 24. februar 1910 Weiden in der Oberpfalz i Bayern | ||
---|---|---|---|
Død | 19. april 2006 (96 år) Unterwössen i Bayern | ||
Nasjonalitet | Tyskland | ||
Område | Mineralogi | ||
Yrke | mineralog, universitetslærar | ||
Institusjonar | Berlin teknologiinstitutt | ||
Alma mater | Ludwig-Maximilians-Universität München Technische Universität München | ||
Kjend for | Nikkel-Strunz-klassifiseringa | ||
Medlem | Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Det bayerske vitskapsakademiet Heidelberger Akademie der Wissenschaften |
Han var professor ved Technische Universität i Berlin. Han utarbeidde Mineralogische Tabellen som kom i første utgåva i 1941 og som framleis er det mest brukte klassifikasjonssystem for mineral på krystallkjemisk grunnlag. Han gav i lag med P. Ramdohr ut Klockmanns Lehrbuch der Mineralogie (16. opplag 1978).
Kjelder
endre- Raade, Gunnar. (2009, 15. februar). Karl Hugo Strunz. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/Karl_hugo_strunz.