Karl Larsson Vefring

Karl Andreas Larsson Vefring (19. juni 182229. juni 1900) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Vevring i Sunnfjord.

Karl Larsson Vefring
Fødd 19. juni 1822
Død

29. juni 1900 (78 år)

Yrke politikar

Vefring var fyrst gardbrukar på farsgarden i ein heil del år. I 1867 kjøpte han garden Vassbotn i same soknet og flytta dit.

Vefring representerte Nordre Bergenhus amtStortinget i 1865-66, 1871-73 og 1877-79. I den fyrste perioden var han medlem av militærkomiteen, i den andre periodane av kyrkjekomiteen.

Vefring var ordførar frå 1869 til 1900 i den tidlegare Vevring kommune.[1]

I 1900 vart han sjuk medan han var på amtstinget. Han la då på heimferd, men døydde på Tingneset, få kilometer frå heimen.

KjelderEndra

  1. Ordførarar i Naustdal kommune frå NRK Fylkesleksikon