Karl Sanderød

norsk politikar

Karl Anton Sanderød (21. mars 185527. januar 1924) var ein norsk lensmann og politikar frå Sem i Vestfold.

Karl Sanderød
Fødd21. mars 1855
Sem kommune
Død27. januar 1924 (68 år)
Statsborgar avNoreg
Partipartilaus
Yrkelensmann, politikar
Alle verv

Sanderød var son til ein gardbrukar i Slagen. Frå 1869 til 1879 var han kontorist hos lensmannen i Våle i Vestfold, siste tre år også kommunekasserar. 24 år gammal tok han over som lensmann i Ramnes, budde på eigen gard. Frå 1888 til 1900 var han medlem i heradsstyret. I 1900 vart han vald inn på Stortinget frå Jarlsberg og Larviks Amt, der han hadde sete i Kyrkjekomiteen. Frå 1903 til 1920 var han lensmann i Sem herad i Vestfold, flytta då til Barkåker. Valbolken 1908-10 var han heradsstyremedlem i Sem.

Kjelder

endre