Opna hovudmenyen
Karlsøya
Geografi
Norway - Karlsøya.png
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 70°00′23″N 19°54′26″EKoordinatar: 70°00′23″N 19°54′26″E

Høgaste punkt Veten (206 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Troms

Demografi
Folketal 35

Karlsøya er ei øy i Karlsøy kommune i Troms fylke. Namnet Karlsøy kjem av mannsnamnet Kalfr eller av Kalven, i tydinga «den vesle øya som ligg ved den store», det vil seie øya Vanna. Karlsøya ligg altså rett sør for Vanna og nordaust for Reinøya. Øya har vore kyrkjestad i fleire hundre år og kommunesenter i Karlsøy kommune.

På grunn av berggrunnen har Karlsøya ein rik flora, spesielt av orkidéar. Mange planter har den nordlege grensa si her. Kyrkjestaden er dominert av den staselege Karlsøy kyrkje frå 1854, og været elles er prega av gamle, fine trehus. Dei om lag 35 innbyggjarane lever her i eit bilfritt tilvære. Innbyggjarane er dels dei gamle karlsøyværingane, dels innflyttarar som kom i løpet av 1970-talet. Dei sistnemnde søkte, inspirert av hippie-rørsla, tilbake til eit enklare og meir naturleg tilvære.

BakgrunnsstoffEndra