Karmatane
Karmatane (arabisk قرامطة, qarāmita) var ei synkretistisk religiøs gruppe som kombinerte element av den ismailiske sjiamuslimske greina av islam med persisk mystisisme. Gruppa var sentrert i Al-Hasa (Aust-Arabia), der dei grunnla ein religiøs utopisk republikk i 899. Dei er mest kjende for opprøret sitt mot abbasidane. Mekka vart plyndra av leiaren deira, Abū-Tāhir Al-Jannābī,[1] og skapte raseri i den muslimske verda, særleg då dei stal Den svarte steinen og skjenda av Zamzambrunnen med lik under hajj-høgtida i 930.
Karmatane vart òg kjend som «grønsakshandlarane» (al-Baqliyyah) på grunn av den strenge vegetardietten deira.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Qarmatians» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: