Karneval er ein fest som vert arrangert før inngangen til fastetida. Karnevalsperioden vert avslutta på feitetysdag, med oskeonsdag som den fyrste dagen etter karnevalet. Karnevalet er ein folkeleg fest som ikkje har nokon plass i liturgiske kalendrar.

Gullmasker under karnevalet i Venezia

Karneval er ein romersk-katolsk tradisjon. Karnevalet vert òg feira i ein del ortodokse område, medan karnevalet i tradisjonell tyding ikkje vert feira i protestantiske eller ikkje-kristne område. Karneval i tydinga maskeball eller ein annan fest der deltakarane kler seg ut, er kjend over heile den vestlege verda.

Etymologi endre

Opphavet til ordet karneval er uklart:

  • Det kan stamme frå italiensk carne- eller carnovale, frå latin carnem (kjøtt) + levare (lette eller løfte), som tyder «å fjerne kjøttet».
  • Det kan stamme frå latin caro (kjøtt) og vale (farvel), med andre ord «farvel til kjøttet».
  • Det kan stamme frå det latinske carrus navalis, ei vogn som vart brukt i samband med feiringa av den greske guden Apollon.
      Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.