Apollon var ein viktig gud i gresk mytologi, ansvarleg for lys, musikk og sanning. Apollon hadde fleire funksjonar, der den viktigaste var som orakel. Denne rolla kan sporast attende til gudinnekulten i Delfi. Men Apollon var også jeger, lege og musikar. I klassisk tid erstatta han Helios som solgud.

Apollon

FøddDílos
Opptrer iAlceste, Who Mourns for Adonais?, Pilgrim of Eternity, Iliaden
Identifisert medApollo, Sun, Sol, Belenus, Mogon, Bassoledulitanus, Kendrisos, Pirunenus, Dysprus
MorLeto
FarZevs
EktefelleUrania, Amphissa
SambuarManto, Paphos, Khione, Acacallis, Aethusa, Antianeira, Kyrene - gudinne, Kalliope, Terpsikhore, Kleio, Coronis, Arsinoe, Corycia, Krëusa, Dryope, Evadne, Hekabe, Hypermestra, Melia, Othreis, Parthenope, Proclia, Psamathe, Rhoeo, Sinope, Syllis, Thalia, Thero, Thyia, Celaeno, Melaena, Thyria, Bolina, Rhodope, Philonis, Anatheippe, Chrysothemis, Rhytia, Cia, Leuconoe, Areia, Babylon, Chrysorthe, Cleobule, Cyrene, Phthia, Cresse
BarnOncius, Asklepios, Troilos, Aristaios, Ion (gresk mytologi), Cycnus, Mopsus, Orfevs, Linos, Linus, Acraepheus, Aegipan, Amphithemis, Amphissus, Hymenaios, Garamas, Naxos, Cydon, Eleuther, Thestor, Oaxes, Idmon, Ialemus, Philammon, Coronus, Parthenus, Lycorus, Agreus, Iamus, Amfiaraos, Icadius, Lycomedes, Laodocus, Polypoetes, Tenes, Linus, Anius, Syrus, Lapithes, Zeuxippus, Chaeron, Delphus, Ptous, Trofonios, Telmissus, Apis, Chariclo, Epidaurus, Erymanthus, Evrydike, Melaneus, Phemonoe, Megareus of Onchestus, Ismenus, Cicon, Philander, Phylacides, Doros, Aeneus, Galeotes, Arabios, Kinyras, Miletus, Autuchus, Branchus, Castalius, Centaurus, Cephisso, Apollonis, Borysthenis, Chius, Chryses, Korybantes, Cynnes, Cyzicus, Eriopis, Euripides, Curetes, Pythaeus

Ifølge soga var Apollon son av Zevs og Leto. Han vart fødd saman med tvillingsyster si Artemis på øya Dílos dit mora hans hadde flykta frå den vreide Hera, kona til Zevs.

Apollon var i konflikt med gudane Dionysos, Pan og Hermes som alle hadde tilknyting til dyrehald. Dette har vorte tolka som eit produkt av rivaliseringa mellom ulike nomadiserande gjetefolk.

Opphavleg skal Apollon ha vore ein solgud og ein av dei tolv olympiske gudane. Han blir vanlegvis framstilla som ein ung mann med vakre ansiktsdrag. Han gifta seg aldri, men hadde mange kjærastar, både gutar og jenter, og fekk mange ungar med dei sistnemnde.

Romersk kopi av ein gresk Apollon-statue som truleg var laga av Praksiteles eller Euphranor.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Apollon
  Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.