Kategoridiskusjon:Innvandrarfiendtlege parti
Det som står under er kopiert inn frå Kategoridiskusjon:Sider merkte for sletting av Ranveig 11:50, 14 oktober 2006 (UTC)
Slett. Vanskeleg å hevda NPOV med ein slik kategori. Kategoriar bør dessutan ha eit potensiale på meir enn eit par artiklar for å kunna forsvarast. Sjå fleire argument for og imot på no:Wikipedia:Sletting#Kategori:Innvandrerfiendtlige partier. --Eddi (Snakk) 15. januar 2006 kl. 21:56 (UTC)
- På nb: blei kategorien sletta. Me kunne vurdert å gjera han meir nøytral med å flytta partia til «Innvandringskritiske parti» eller noko slikt. Problemet med mange av desse partia er at det blir noko upresist bare å kalla dei «nasjonalistiske» (sjå gjerne Kategoridiskusjon:Nasjonalistiske parti). -- Ranveig 20. januar 2006 kl. 13:01 (UTC)
- Som nemnt på no: trur eg ikkje det blir særleg betre med kritisk enn fiendtleg, og heller ikkje nasjonalistisk. Det er vanskeleg å kategorisera politiske parti og samtidig vera nøytral. Kanskje me må klara oss med sentrumsparti, konservative, liberale og sosialistiske – til naud miljøparti og kommunistiske parti... Eg kan ta det opp på Kategoridiskusjon:Innvandrarfiendtlege parti også, eg tenkte berre denne sida her var betre overvaka. --Eddi (Snakk) 20. januar 2006 kl. 16:55 (UTC)
{{liminn:kopi slutt|frå=:Kategoridiskusjon:Sider merkte for sletting]]
Slett kategori
endreKopiert frå Kategoridiskusjon:Sider merkte for sletting
Slett. Vanskeleg å hevda NPOV med ein slik kategori. Kategoriar bør dessutan ha eit potensiale på meir enn eit par artiklar for å kunna forsvarast. Sjå fleire argument for og imot på no:Wikipedia:Sletting#Kategori:Innvandrerfiendtlige partier. --Eddi (Snakk) 15. januar 2006 kl. 21:56 (UTC)
- På nb: blei kategorien sletta. Me kunne vurdert å gjera han meir nøytral med å flytta partia til «Innvandringskritiske parti» eller noko slikt. Problemet med mange av desse partia er at det blir noko upresist bare å kalla dei «nasjonalistiske» (sjå gjerne Kategoridiskusjon:Nasjonalistiske parti). -- Ranveig 20. januar 2006 kl. 13:01 (UTC)
- Som nemnt på no: trur eg ikkje det blir særleg betre med kritisk enn fiendtleg, og heller ikkje nasjonalistisk. Det er vanskeleg å kategorisera politiske parti og samtidig vera nøytral. Kanskje me må klara oss med sentrumsparti, konservative, liberale og sosialistiske – til naud miljøparti og kommunistiske parti... --Eddi (Snakk) 20. januar 2006 kl. 16:55 (UTC)
Slutt på bolk kopiert frå Kategoridiskusjon:Sider merkte for sletting
Kopiert frå Kategoridiskusjon:Nasjonalistiske parti
- Eg har ikkje sterke meiningar her, men hvis ein endrar nevnet frå innvandrarfiendtlege til innvandringsfiendtlege bør det vel ikkje vera eit stort NPOV-problem, for desse partia seier vel sjølv ganske så klart at dei er innvandringsfiendtlege, iallfall vanskeleg å hevda noko anna med eit navn som Stopp innvandringen... (Barend 20. januar 2006 kl. 17:29 (UTC))
Slutt på bolk kopiert frå Kategoridiskusjon:Nasjonalistiske parti
- Nettopp. Mange parti har kamp mot innvandring som ein av hovudsakene sine. Ein "innvandringskritisk" kategori vil då bli mindre problematisk enn ein "liberal" eller "sosialistisk" kategori, der omgrepa er blitt ganske ulne etter kvart. Det at eit emne er vanskeleg å gjera nøytralt treng ikkje bety at me skal sjå vekk frå heile emnet; då kunne me vel sletta heile Kategori:Midtausten først som sist. :-) -- Ranveig 22. januar 2006 kl. 19:29 (UTC)
Konklusjon
endre- Sletting?
- Ikkje sletting?
- Flytting til kategori:innvandringskritiske parti?
-- Ranveig (som liker best Alt. 3) 6. mars 2006 kl. 19:20 (UTC)
- Eg har førebels sagt mitt, men eg synest det er for få som har uttalt seg til at ein kan konkludera med noko som helst. Generelt trur eg ikkje det er nok brukarar som overvakar kategoriar. Det kan henda slike prinsipielle saker bør takast opp i Samfunnshuset. --Eddi (Snakk) 6. mars 2006 kl. 21:42 (UTC)
- Eg stemmer på alternativ 3. Av partia som var lista opp er det vel berre eit, frp, som har greidd å få folk til å stemma på seg. Dette partiet har i tillegg til framandhat spela på populistiske saker (billig bensin, mindre skatt, osb.), så kanskje det òg er bruk for ei gruppe kalla «Populistiske parti»? (frp er rett nok nemnt under «Populisme».)
- --- Sigmundg 1/4-2007.
- Eg stemmer på alternativ 3, og gjer forøvrig merksam på at kategorien har vakse litt sidan denne diskusjonen starta. (Barend 19. mai 2006 kl. 18:17 (UTC))
- Eg stemmer på alternativ 3. --Gunnernett 19. mai 2006 kl. 18:28 (UTC)
- Alt 3. --Bep 19. mai 2006 kl. 18:31 (UTC)
I høve til ordskiftet ovanfor er innhaldssidene i denne kategorien er flytta til kategori:innvandringskritiske parti Med helsing frå --Gunnernett 30. mai 2006 kl. 15:56 (UTC)