Kategoridiskusjon:Nasjonalistiske parti

Problematisk kategorisering av politiske parti

endre

Eg er sterkt imot at desse innvandrarfiendtlege og langt på veg rasistiske partia skal kategoriserast som "nasjonalistiske parti". Nasjonalisme kan vere så mykje, sjå artkkelen om nasjonalisme her på nynorsk-wikipediaen. Ein kan ikkje la desse ytre-høgre-partia få lov til å kuppe denne mangfaldige nemninga. Kven var mest nasjonalistisk i la oss seie 1943? Ytre-høgre-partiet Nasjonal Samling eller alle dei andre norske partia? Kategorien må vere "innvandrarfiendtlege parti", eller kanskje "høgrenasjonalistiske parti". Eg minner om at ANC blei kalla eit nasjonalistisk parti av norsk presse under apartheid, mens apartheidpartiet sjølv kalla seg nasjonalistpartiet. Minst to skotske parti (SNP og SSP) er nasjonalistar i den forstand at dei vil ha sjølvstende frå Storbritannia, men er ikkje mot innvandring. Jasida i EU-striden her til lands kallar nei-sida nasjonalistisk. Og så vidare. Når nemninga er så brei eller uklar kan ikkje ein kategori i eit leksikon snevre den inn slik, fordi om desse partia kallar seg sjølve nasjonale eller nasjonalistiske. Dette må endrast! --Erling 6. mar 2005 kl. 1526 (UTC)

Eg er ikkje heilt einig. Partia du nevner kallar seg sjølv nasjonalistiske, og bruker gjerne nasjonalistiske symbol. Me bør då innta eit nøytralt standpunkt og leggja dei inn i kategorien - saman med andre parti som kallar og har kalla seg nasjonalistiske.
Dei innvandrarfiendtlege partia kan sjølvsagt òg leggjast ein kategori til - Kategori:Innvandrarfiendtlege parti, til dømes. Og NS kan få kosa seg i Kategori:Nazistparti. -- Ranveig 6. mar 2005 kl. 1608 (UTC)
NS kalla seg ikkje nazistisk sjølv. Dei kalla seg berre nasjonal(istisk)e. Viss vi skal gå etter eit så yttarleggåande nøytralitetsprinsipp at vi kallar folk det dei kallar seg sjølve utan kvalifisering i det heile, så må NS også rubriserast under nasjonalistiske parti, sjølv om dei dreiv med landssvik. Så absurd kan det bli da. Og etter same logikken finst det sjølvsagt ikkje terroristorganisasjonar, for dei kallar seg det ikkje sjølve....--Erling 6. mar 2005 kl. 1644 (UTC)
Grupper bør klassifiserast både etter kva dei kaller seg og kva dei gjer. NS såg heilt klart på seg sjølv som eit nasjonalistisk parti. Samstundes samarbeida dei med det tyske nazistpartiet og brukte nazistiske symbol og omgrep, og bør derfor kallast nazistiske. Korleis me skal definera terroristorganisasjonar får me ta etter kvart, for det kan bli endå meir innvikla. -- Ranveig 6. mar 2005 kl. 1653 (UTC)
Ja, da nærmar vi oss eit kompromiss. Dei to "partia" som er kategoriserte under "Nasjonalistiske parti" no, driv i praksis nesten berre med innvandrarhets. Det er det dei gjer. Da tykkjer eg dei heller skulle kategoriserast som Innvandrarfiendtlege parti. --Erling 6. mar 2005 kl. 1709 (UTC)

Kanskje me heller skulle droppa den detaljerte kategoriseringa og leggja partia i Kategori:Norske parti slik som Nationaldemokratische Partei ligg under Kategorie:Deutsche Parteitysk Wikipedia? --Guttorm 7. mar 2005 kl. 0743 (UTC)

Ja takk, begge deler, seier nå eg. Det som er så bra med kategoriar er at me kan sjå fleire sider av same sak samstundes. Dersom me får eit nytt norsk sosialistisk innvandrarfiendtleg miljøvernande parti, kan det leggjast i alle desse kategoriane, utan at nokon tek skade av det. -- Ranveig 7. mar 2005 kl. 1903 (UTC)
Ja fint er det, og dersom eit parti kan skildrast så enkelt så ville det vel også vore heilt greit. Men kategoriane er beskrivande, difor bør beskrivinga vera riktig. Med dei problemstillingane som Erling kjem med tykkjer eg det blir problematisk å putta kva som helst parti i den båsen dei sjølve vil vera, sjølv om me også har dei i andre båsar. Kategorien bør i det minste passa med definisjon/skildring som ein ser for seg å finna i nasjonalistiske parti eller nasjonalisme. Å leggja til ein haug med kategoriar kan også etterkvart bli lite brukarvennleg/rotete. --Guttorm 7. mar 2005 kl. 1926 (UTC)
No hadde eg eigentleg tenkt å fjerna desse partia frå kategorien, men så lurer eg på: kva parti blir eigentleg kalla nasjonalistiske, der denne problemstillinga ikkje kjem fram. Er det ikkje eigentleg slik at nasjonalistiske parti faktisk alltid er av den brune sorten? Dvs. at dette er ein eigenskap ved nasjonalistiske parti. Slik som nasjonalsosialistiske parti alltid vil vera brune for tyskarane (og truleg i norsk språkbruk / kultur også)? Uansett, eg er ikkje så sikker på om dette er feil skildring av partiet, men dersom det er riktig å skildra dei som nasjonalistiske så bør nok problemstillinga til Erling takast opp på kategorisida. --Guttorm 7. mar 2005 kl. 1941 (UTC)
Eg meiner dei partia som med rette kan kallast nasjonalistiske parti er dei som strir for sjølvstende i land der det det nasjonale spørsmålet ikkje er løyst. I Nord-Irland blir begge dei to "republikanske" partia, det moderate SDLP og det radikale Sinn Fein, også kalla nasjonalistiske. "Nasjonalistisk" betyr at dei er for nasjonal frigjering av heile Irland, for sameining med Republikken Irland. I Skottland går Scottish National Party inn for skotsk sjølvstende, politisk er dei eit sentrumsparti, slett ikkje "brunt". (Elles går også det radikale Scottish Socialist Party inn for sjølvstende, sjølv om dei ikkje har "nasjonal" i namnet). Dei kurdiske partia KDP, PUK og PKK blir kalla nasjonalistiske fordi dei går inn for kurdisk autonomi i Irak og Tyrkia, og helst eit sjølvstendig Kurdistan i framtida. Politisk er dei hhv. sosialdemokratiske (dei to første) og kommunistisk (det siste). Eg synest altså at ein skal reservere kategorien "Nasjonalistiske parti" for parti som kjempar for nasjonalt sjølvstende i område av verda der det nasjonale spørsmålet reelt er uløyst, og ikkje godta at høgre-ekstremistar får smykke seg med nemninga, sjølv om dei så gjerne vil. For å understreke poenget mitt minner eg om at det radikale anti-apartheidpartiet i Sør-Afrika heittte og heiter African National Congress. Det dreia seg om nasjonal frigjering av fleirtalsbefolkninga i landet. Og mønsteret var Indian National Congress i India, som stridde for nasjonal frigjering frå britisk kolonialisme. --Erling 7. mar 2005 kl. 2024 (UTC)
Eg er einig i at partia du nemner òg er nasjonalistiske, men eg forstår ikkje korleis de kan ekskludera desse andre to. Det er greitt nok at me ikkje liker dei partia det her er snakk om, eller at dei tek norske symbol til inntekt for si sak. Men det gjer dei, og det er desse faktaa me må halda oss til. Fedrelandspartiet blei danna ein 17. mai, Nasjonalalliansen viser til nasjonalismen i namnet sitt. Som det står i artikkelen om nasjonalisme kan han brukast på mange, svært ulike måtar.
Dersom det byr dykk så imot å setja "snille" og "slemme" parti i same bås, kan me kanskje dela nasjonalistiske parti i underkategoriar igjen. Men eg veit ikkje heilt korleis det skal gjerast på ein ukomplisert og upartisk måte. -- Ranveig 8. mar 2005 kl. 0051 (UTC)
Ranveig har eit poeng der. Eg ser to mulege løysingar: Anten lar vi vere å kategorisere anna enn på land, eller så dobbeltkategoriserer vi dei problematiske, slik som dei to nemnde. Altså at dei både blir i den breie janus-kategorien "Nasjonalistiske parti" og i tillegg i den meir presise kategorien "Innvandrarfiendtlege parti". Vi har likevel framleis eit problem: Finst det fascistiske og nazistiske parti? Dei fleste av dei kallar seg jo berre "nasjonale"...--Erling 8. mar 2005 kl. 0953 (UTC)

Orsak at eg er litt sein her, men eg hadde ikkje sett denne diskusjonen før. Kor som er har eg føreslått sletting av Kategori:Innvandrarfiendtlege parti fordi det er vanskeleg å hevda NPOV med ein slik kategori, same kor presis han er. Kategoriar bør dessutan ha eit potensiale på meir enn eit par artiklar for å kunna forsvarast. Sjå fleire argument for og imot på no:, der dei endte med å sletta kategorien. Somme føreslo å gjera han meir nøytral ved å omdøypa han til «Innvandringskritiske parti», men eg trur ikkje det ville vore særleg betre. Det er vanskeleg å kategorisera politiske parti og samtidig vera nøytral, når tilhengjarane er upresise og motstandarene er provoserande. Eg er òg imot å bruka Kategori:Nasjonalistiske parti, fordi det så lett kan misforståast (sjå berre ordskiftet ovanfor), og i minst ei tyding er langt frå nøytral. Kanskje me må klara oss med sentrumsparti, konservative, liberale og sosialistiske – til naud miljøparti og kommunistiske parti... --Eddi (Snakk) 20. januar 2006 kl. 17:23 (UTC)

Eg har ikkje sterke meiningar her, men hvis ein endrar nevnet frå innvandrarfiendtlege til innvandringsfiendtlege bør det vel ikkje vera eit stort NPOV-problem, for desse partia seier vel sjølv ganske så klart at dei er innvandringsfiendtlege, iallfall vanskeleg å hevda noko anna med eit navn som Stopp innvandringen... (Barend 20. januar 2006 kl. 17:29 (UTC))

Det er heilt rett at det er vanskeleg å få til ei ukontroversiell gruppering her. Men eg meiner likevel me bør halda på denne kategorien, ettersom der er og har vore parti som har hatt nasjonalisme som hovudideologi. I dag blir til dømes indiske BJP skildra av seg sjølv og andre som eit hindu-nasjonalistisk parti, og er svært stolte av det. Dei har ingen annan viktig ideologi, så kvar skulle dei elles plasserast? -- Ranveig 22. januar 2006 kl. 19:33 (UTC)

Problemet ligg i kampen om omgrepa. Kjerna i nasjonalismen til slike som Zjirinovskij i Russland og parti med meir eller mindre open rasistisk ideologi i vesteuropeiske land er ikkje at dei er for sjølvstende for nasjonar eller nasjonalitetar, men at dei er for sin eigen nasjon sin rett til å bestemme over, halde ute eller assimilere, andre nasjonalitetar. Ei alternativ tolking vil vere å seie at ein logisk konsekvens av nasjonalisme er at alle nasjonar og nasjonalitetar skal ha rettar som nasjon(alitet)ar, og at synspunktet «nokre nasjonar er betre enn andre nasjonar» ikkje er nasjonalisme, men sjåvinisme. Poenget er altså ikkje å skilje mellom «snille» og «slemme» nasjonalistar, men å skilje mellom to fundamentalt ulike måtar å sjå på nasjonale rettar på. Historisk sett var nasjonalismen progressiv i koloniane (mot kolonimakta) men reaksjonær i kolonimaktene (legitimering av eige overherredømme). Interessant nok er USA ein stat med stadig meir nasjonalistisk retorikk, i pakt med ein meir og meir aggresiv ekspansjonisme både for eige språk og kultur og for tradisjonell militærmakt. Å sameine alle desse ulike strømningane under eit felles, de facto relativt innhaldstomt honnørord er problematisk, betre vil nok vere å vere litt analytisk i kategoriseringa. Trondtr 22. januar 2006 kl. 21:41 (UTC).
Tilbake til siden «Nasjonalistiske parti».