Nasjonalalliansen

Nasjonalalliansen var eit politisk parti som vart tufta i 1999. Partiet arbeidde for ein umiddelbar stopp av innvandring til Noreg og tilbakesending av innvandrarar som var i landet. I tillegg til dette fokuserte dei på distriktspolitikk og miljøvern. Partiet hadde ikkje offentleg definert nokon grunnleggjande ideologi, men tok utgangspunkt i eit eige idégrunnlag. Partiet var likevel eit klart nasjonalistisk parti, i og med at dei m.a. la vekt på å skilje mellom nordmenn og samar og la dei sørgje for eiga utvikling kvar for seg.

Nasjonalalliansen
LandNoreg
Grunnlagt1999
Nedlagt2006
HovudkvarterOslo
Ungdomsorg.Norsk Ungdom[1]
Ideologinasjonalisme Sjå dette på Wikidata
FargeIngen
OrdførararIngen
Kommunestyre-
representantar
Ingen
Fylkestings-
representantar
Ingen
Stortings-
representantar
Ingen

Registreringa i Partiregisteret gjekk ut 13. mars 2006.

Norsk Ungdom var ungdomsorganisasjonen til Nasjonalalliansen.

Historie

endre

Nasjonalalliansen var ei vidareføring av tidlegare og meir kjende parti som Kvit Valallianse og Stopp Innvandringen. Partiet var òg ein del av Norsk Folkeparti i ein toårsperiode.

  1. http://web.archive.org/web/19991127170941/http://www.nasjonalalliansen.no/Fremtid/fremtid.asp.