Katharina Althaus

Katharina Althaus (fødd 23. mai 1996) er ein tysk skihoppar frå Oberstdorf. Ho vann VM-gull i mix-tevlinga under Ski-VM 2015, Ski-VM 2019 og Ski-VM 2021, i 2019 fekk ho gull også i kvinnene si lagtevling. Althaus har elles vunne tre sølvmedaljar i individuelle meisterskaps-tevlingar, to av dei i olympiske vinterleikar.

Katharina Althaus


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 23. mai 1996 (27 år)
Oberstdorf
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 2014

Utmerkingar

Bayerischer Sportpreis

Aktiv endre

Althaus debuterte i verdscupen i skihopping på Lillehammer i desember 2011. Pr februar 2022 har ho vunne åtte verdscuprenn, fire av dei på nettopp Lillehammer. Individuelt i dei store meisterskapane har ho sanka tre sølvmedaljar. Både under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang og Ski-VM 2019 måtte ho sjå seg slått av Maren Lundby i normalbakke-renn. Den tredje sølvmedaljen kom i Vinter-OL 2022, der Urša Bogataj frå Slovenia stakk av med gullmedaljen.

Althaus var del av dei tyske mix-mannskapa som vann gull i Ski-VM 2015, 2019 og 2021. Fyrste sigeren kom i lag med Carina Vogt, Richard Freitag og Severin Freund, den andre i lag med Juliane Seyfarth, Markus Eisenbichler og Karl Geiger. Siste mix-triumfen kom på heimstaden Oberstdorf, då i lag Eisenbichler, Geiger og Anna Rupprecht. Under verdsmeisterskapen 2019 vann også det tyske kvinnelaget gull, her hadde Althaus med seg nemnde Seyfarth og Vogt, samt Ramona Straub.

Kjelder endre