Katrine Fruelund

dansk fotballspelar

Katrine Fruelund (fødd 12. juli 1978) er ein dansk tidlegare handballspelar frå Randers. Ho vart olympisk meister med Danmark både i 2000 og 2004, europameister 2002. Fruelund var venstre rykkromspelar, deltok åra 1997–2012 i 184 landskampar og skåra 570 mål.

Katrine Fruelund


Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 12. juli 1978 (46 år)
Randers
Idrett handball, fotball
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Karriere

endre

Klubbspel

endre

Fruelund spelte på Randers HK fram til 1999, og frå 2006 til ho la opp i 2014. I mellomtida gjorde ho teneste i Viborg HK 1999-2005 og 2005/6-sesongen i tyske HC Leipzig. Fruelund vart dansk sereimeister fire gongar med Viborg, tysk bundesligameister 2006 for Leipzig og dansk seriemeister 2012 med Randers HK. Ho var med på å vinne EHF-cupen 2004 for Viborg og 2010 for Randers HK. I sin einaste EHF-meisterligafinale, 2001, tapte laget hennar mot Krim Ljubljana.

Landslagsspel

endre

I 1998 måtte Danmark og Fruelund tåle tap mot Noreg i finalen i europameisterskapen. To år seinare var Fruelund med i den danske troppa som forsvarte den olympiske meistertittelen landslaget tok i 1996. Ved Handball-EM 2002 på heimebane fekk Fruelund og lagvenninene revansj mot Noregs kvinner i finalen i Herning. Høgdepunktet for Fruelund kom under Sommar-OL 2004. I eit rekordjamt finale-oppgjer mot Sør-Korea skåra ho heile 15 mål.

Kjelder

endre