Kattauge er ein edelstein som i cabochonform under ei sterk, punktforma lyskjelde viser eit lysande band eller ei stripe som rører seg når steinen dreiast. Fenomenet blir kalla chatoyans og vert skapt ved indre refleksjon av lys frå talrike parallelle inklusjonar av fibrige mineral eller frå lange, parallelle holrom. Det opptrer oftast hos krysoberyll, kvarts (kalsedon) og turmalin.

Kjelder endre

  • Kattøye: edelstein. (2009, 17. mai). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå

http://snl.no/katt%C3%B8ye%2Fedelstein.