Smykkestein

(Omdirigert frå Edelstein)

Ein smykkestein er ein stein eller eit anna materiale brukt i eit smykke. Det er vanleg å bruka edel- og halvedelsteinar som smykkestein, men ein kan også bruka vanlege steinar, gjerne i polert utgåve, og visse harde naturmateriale, som rav og perler. Smykkesteinar blir valde ut frå utsjånad, til dømes ved at dei reflekterer lys eller har ettertrakta fargar. Nokre av dei, som sjeldne edelsteinar og naturlege perler, kan vera særs kostbare.

Polerte smykkesteinar.
Foto: Adrian Pingstone

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Smykkestein
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.