Katterat
Katterat er eit fjell i Narvik kommune i Nordland. Fjellet er 838 moh. og ligg mellom Rombaksbotn og riksgrensa mot Sverige. Namnet er ei fornorsking av det nordsamiske Gátterčohkka.
Katterat | |||
fjell | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Katterat 68°24′00″N 17°58′00″E / 68.4°N 17.96667°E |
Katterat stasjon på Ofotbanen ligg sørvest for fjellet, 373,5 moh. Stasjonen heitte Hundalen frå han vart opna i 1902 og fram til 1951. Katterat stasjon ligg mellom Kap Horn-tunnelen og Sørdalstunnelen. Stasjonsbygningen vart bygd i 1921.
Då Ofotbanen vart elektrifisert i 1923, vart ein av transformatorstasjonane lagt hit. To transformatorar på 24 tonn endra 80 Kilovolt til 16,2 Kilovolt. Bemanninga av transformatorstasjonen samt vedlikehald av linja, førte til at mange familier budde og arbeida på Katterat.
Under unionsoppløysinga låg norske styrkar detasjert her, og stillingar og ruinar etter brakkene er framleis synlege. Under krigen bygde tyskarane artilleristillingar mot Rombaksbotn her. Dei to stiane frå stasjonsområdet ned til busetnaden fekk namna Norskebakken og Tyskerbakken.
I dag ligg Katterat Fjellstove (ofte nytta som leirskule) og fem hus som no vert nytta som hytter ved stasjonen. Inntil drifta av banen vart fjernstyrt på 1960-talet, var det fast busetnad på staden. Stasjonsområdet hadde mellom anna barnehage og butikk. Busetnaden vart etablert etter at Ofotbanen vart elektrifisert i 1923, då Katterat fekk den eine av dei to transformatorstasjonane ved banen. Dei gamle bygga ved stasjonen er i dag freda. Eit nytt kryssingsspor for malmtog vart opna ved stasjonen i oktober 2002. Det er ikkje bilveg til Katterat stasjon, einaste tilkomst er med tog eller til fots. Ein anleggsveg går frå stasjonen til vasskraftstasjonen ved Sildvik. Staden er eit populært turområde, sidan to turstier startar på Katterat stasjon, nemleg Rallarvegen til Rombaksbotn/Bjørnfjell, og anleggsvegen sørover og opp Hundalen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Katterat» frå Wikipedia på bokmål, den 26. april 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Agge Theander: I rallarnes spor Kulturhistorisk guidebok til Ofotbanens anleggshistorie Utgitt av Ofoten museum 1993 ISBN 82-91340-00-5
- Agge Theander: Vandringer på Rallarveien, Ofotbanen. Hefte utgitt av Fotefar mot nord. Finst på svensk, engelsk og tysk. 1996 ISBN 82-91138-62-1
- Steinar Aas: Narviks Historie bd.1 Byen, banen og bolaget ISBN 82-996128-1-0
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Katterat Fjellstue
- Jernbaneverkets stasjonsoversikt: Katterat Arkivert 2006-05-24 ved Wayback Machine.
- Norsk Jernbaneklubbs stasjonsdatabase: Katterat
- Fremover: Unikt jernbanemiljøDenne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.