Kautilya
Kautilya eller Tsjanakya var ein statsmann i det indiske Mauryariket og levde om lag 300 f.Kr. Han var rådgjevar for Tsjandragupta Maurya (ca. 340-293 f.Kr.), som grunnla og utvida Mauryariket.
Kautilya | |
Fødd | 375 f.Kr. Taxila |
Død | |
Yrke | skribent, filosof, samfunnsøkonom, lærar, astrolog, rådgjevar, politikar |
Språk | sanskrit |
Religion | Hinduismen |
Kautilya på Commons |
Han er rekna som forfattaren av Arthasjastra, ei omfattande lærebok i statskunst som fortel korleis ein skal styra eit kongerike og tek for seg lov og rett, utanrikspolitikk, krigføring og spionering. Det er omstridd om Arthasjastra slik verket er overlevert verkeleg blei skriven av Kautilya på denne tida.
Bakgrunn
endreKautilya var ein brahmin som underviste ved lærestaden Taksasjila (noverande Taxila i Pakistan). Namnet «Kautilya» tyder 'av Kotil' og viser til avstamminga (gotraen) hans, medan «Tsjanakya» tyder '[son] av Tsjanak'.[1]
Markeringar
endreDiplomatkvarteret i den indiske hovudstaden New Delhi er kalla Tsjanakyapuri (eng. Chanakyapuri) etter Tsjanakya.
I 1991–92 sende statleg indiske fjernsyn ein serie på 47 delar basert på livet til Tsjanakya.
Kjelder
endre- «Kautilya» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Chanakya» frå Wikipedia på engelsk, den 1. august 2010.
- Trautmann, Thomas R. (1971), Kautilya and the Arthaśhāstra: A Statistical Investigation of the Authorship and Evolution of the Text, Leiden: E.J. Brill
- Fotnotar
- ↑ Engelsk Wikipedia oppgjev Trautmann 1971, s. 10: "while in his character as author of an arthaśhāstra he is generally referred to by his gotra name, Kautilya."