Kefeidar er variable stjerner som pulserer regelemessig. Namnet kjem frå Delta Cephei, den fyrste stjerna av sorten som vart oppdaga. Desse stjernene har forlate hovudserien og ligg til høgre for den øvre hovudserien og til venstre for dei raude kjempeneHertzsprung–Russell-diagrammet, på den sokalla instabilitetsstripa.

RS Puppis sett frå Hubble (HST).

Perioden til lysstyrkeendringa heng saman med snittlysstyrken til kefeiden, sånn at ein kan finna den absolutte storleiksklassen til han gjennom å måla denne perioden. So snart ein kjenner perioden, tilsynelatande og absolutt storleiksklasse, kan ein finna avstanden til kefeiden. Sidan kefeidar er synlege i eksterne galaksar, kan ein nytta kefeidar til å måla avstanden mellom Mjølkevegen og andre galaksar.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen byggjer på artikkelen «Cepheid variable» s. 80-81 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.