Kelimutu

Gunung Kelimutu er ein 1639 meter høg vulkan på den indonesiske øya Flores. Fjellet er eit ynda turistmål med sine tre ulikt fargar kratersjøar. Siste kjende utbrot fann stad i 1968.

To av kratersjøane på Kelimutu. Foto 2008

Dei tre sjøane på vulkan skiftar, grunna oppløyste mineral, over tid farge frå svart til turkis, raudbrunt eller grønt. Sjøen i vest heiter Tiwi Ata Mbupu, dei to andre høvesvis Tiwu Nua Muri Kooh Tai og Tiwu Ata Polo.

Innbyggarane i landsbyen ved fjellfoten trur at sjelene til dei døde vandrar i desse sjøane, og at ei fargeendring betyr at dei har vorte forarga.