Flores i Indonesia

Flores
øy
Land  Indonesia
Del av De små Sundaøyer
Areal 13 540 km²
Folketal 1 831 000 (2010)
Kart
Flores i Indonesia
8°40′29″ S 121°23′4″ E
Wikimedia Commons: Flores, Indonesia
Kart over Flores
Flores si plassering i det indonesiske øyriket
Landskap på Flores

Flores er ei øy i provinsen Aust-Nusa Tenggara i Indonesia. Øya er 15 175 km² stor, folketalet vart berekna ti 1,83 millionar i 2010. Om lag 91 % av innbyggarane er katolske kristne, i motsetnad til resten av Indonesia som er dominert av muslimar. Hovudstaden heiter Ende.

Flores, som er ei av dei små Sundaøyane, består av minst ni aktive vulkanar. Ho er ei av de tre øyane på jorda med ein naturleg bestand av komodovaranen. I 2003 oppdaga ein på Flores beinrestar etter eit tidlegare ukjent, kortvakse menneske, kalla Homo floresiensis.

Geografi endre

Flores, som strekker seg i aust-vestleg retning, er 354 km lang og på det breiaste 63 km. Vest for Flores ligg øyane Sumbawa, Sumba og Savuhavet. I aust ligg øya Timor, mot nord strekker Floreshavet seg. På sørkysten ligg byen Ende, med sine 60 000 innbyggarar er han den viktigaste utfartshamnna mot Timor-Barat (Vest-Timor). I aust ligg Maumere, største byen på øya, med 70 000 innbyggarar. Hovudstad på Aust-Flores er Larantuka.

Kyststrekningane på Flores er prega av open regnskog og savanne. Det indre av landet vert dominert av eit høgland med til dels aktive vulkanar, den høgste 2 382 moh. Den best kjende vulkanen er 1 639 moh høge Gunung Kelimutu. Ved denne vulkanen ligg tre kratervatn som vekslar i farge. Dei siste åra lyser vatna opp i fargane grøn, brun og svart, i 1986 var dei høvesvis turkis, mørkegrøn og svartraud.

Ved sidan av ris vert det dyrka mais, kaffi og sukkerrøyr.

Ved vestkysten av Flores er ein få stader utanom øya Komodo, der ein har førekomstar av komodovaran. Utanom «varanøyane» Komodo og Rinca finst arten kring hamnebyen Labuan Bajo heilt i vest på Flores.

Styre endre

Øya er delt inn i sju fylke ('kabupaten'), frå vest mot aust: Vest-Manggarai, Sentral-Manggarai, Ngada, Nagekeo, Ende, Sikka og Flores Timur.

Historie endre

Til liks med mange andre av Sundaøyane vart også Flores tidleg folkesett av Homo erectus. I september 2003 avdekte antropologar i ei karsthole med namnet Liang Bua 18 000 år gamle skjelett, det fyrste fossile funnet av 'Homo floresiensis'.

Flores høyrde i det 13. hundreåret til Majapahit-riket, deretter til hovdingdømmet Makassar.

År 1544 oppdaga eit portugisisk handelsskip austspissen på øya og kalla han for „Cabo des Flores“ (Kapp blomane). I 1570 slo dei fyrste europeiske sjøfararane og handelsfolka seg ned på øya. Dei gav øya namnet „Flores“, utan at her veks fleire blomar enn andre stader i Indonesia.

Straks før 1600 forlet portugisiske kjøpmenn Solor og slo seg ned i Larantuka. 1613 erobra nederlendarane den portugisiske festninga på Solor. Etter dette vart Larantuka, aust for Flores, hovudbase for portugisarane. Frå Larantuka kontrollerte dei handelsnettet i området, fram om alt den lukrative handelen med tre frå Timor. Desse portugisarane, kalla topasse, var etterkomarar av soldatar, sjøfolk og handelsfolk, gifte med kvinner frå Solor og Flores. Larantuqueiros, som topasse sjølve kalla seg, hadde utvikla ein eigen, relativt lause, men mektige stat, med ei makt som rakk vidare enn sjølv nybyggarkolonien. Trearforbundet Larantuka, Wureh og Konga danna kjernen i staten. Teoretisk låg kolonien under Portugal, i praksis var denne statsdanninga heilt uavhengig. Her fanst ingen portugisiske embete og det vart ikkje ført ut skatt eller toll. Ein årelang, blodig maktkamp pågjekk i Larantuka mellom familiane da Costa og da Hornay, til sist delte dei makta seg i mellom.

Frå 1667 tok Nederland meir og meir kontrollen over Flores. Den sisten biten av den portugisiske kolonien aust på øya tok Nederland kontroll over i 1861. Allereie i 1851 selde den portugisiske guvernøren, utan løyve frå Lisboa, fleire av dei små Sundaøyane for 200 000 florinar til Nederlanda. Den portugisiske regjeringa godtok ikkje handelen, og guvernøren vart arrestert. Han døydde elles på heimreisa til Europa. Nye forhandlingar kring avtalen kom i gang i 1854, og enda med Lisboa-traktaten, der handelen vart fastslått. Ein del av avtalen gjekk ut på at folket kunne behalde si katolske tru. Fram til Indonesia vann sjølvstende, var Flores ein del av Nederlandsk Ostindia. Jamt vekk opplevde ein opprør på øya. Til dømes fann det i åra 1911 og 1912 stad ti væpna oppstandar mot nederlendarane.

Nasjonalisten, den seinare indonesiske presidenten Sukarno vart i 1933 forvist til Flores av nederlendarane. Under 2. verdskrigen var øya okkupert frå 1942 til 1945 av Japan.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre