Kellerwald er ei låg fjellkjede i nordvestlege delar av Hessen i Tyskland. Ho når ei høgd på 675 meter over havet. Fjellkjeda inneheld den største samanhengande bøkeskogen i Tyskland og den einaste nasjonalparken i Hessen, Kellerwald-Edersee nasjonalpark.

Kellerwald si plassering i Tyskland

Geografi endre

Kellerwald ligg nord i Hessen i landkreisa Waldeck-Frankenberg og Schwalm-Eder. I nord av Kellerwald ligg innsjøane Edersee og Affolderner, i nordaust grensar ho til Ederdalen, og mot aust og søraust til Schwalmdalen. I sørvest går fjellkjeda over i Wohradalen og inn i Burgwald i vest. På andre sida av Eder ligg Breite Struth.

Innanfor Kellerwald finn ein Ederhöhen, eit fjellområdet nord i kjeda som om lag dekkjer den tidlegare nemnde nasjonalparken, Keller (òg kalla Hoher Keller eller Hoher Kellerwald, ei fjellkjede sør i Kellerwald) som frå sørvest til nordaust inneheld fjella Jeust (585 m), Wüstegarten (675 m), Hunsrück (636 m) og Sauklippe (584 m).

Etymologi endre

Kellerwald er kalla opp etter fjellkjeda kalla Keller. Ein har to mogelege opphav til namnet Keller. På byrjinga av 1600-talet vart det vunne ut kol her til dei mange jernverka og koparverka, som trengde kol til omnane sine. Dette førte til namnet Köhlerwald (Kolskogen), ofte uttalt som Köllerwald.

Det andre mogelege opphavet er at området opphavleg vart kalla Kahler Wald, eit namn som kan vise til den store nedhogginga av skogen i tidlegare tider.

Wald tyder «skog» på tysk.

Fjell endre

Dei lågaste områda i Kellerwald ligg nær Ederdalen i nærleiken av Affoldern og er 194 meter over havet. Det høgaste punktet er Wüstegarten på 675 meter over havet.

  • Wüstegarten (675 m) – med Kellerwaldturm
  • Hohes Lohr (657 m) – med eit TV-tårn
  • Große Aschkoppe (640 m)
  • Hunsrück (636 m)
  • Traddelkopf (626 m)
  • Winterberg (617 m) – foten av Gr. Aschkoppe
  • Auenberg (611 m)
  • Kleine Aschkoppe (607 m) – foten av Gr. Aschkoppe
  • Ahornkopf (604 m) – foten av Traddelkopf
  • Dicker Kopf (604 m)
  • Jeust (585 m)
  • Talgang (566 m)
  • Ermerod / Peterskopf (ca. 540 m / 507 m)
  • Homberg (518 m) – med utkikkstårn

Elvar og innsjøar endre

Fleire elvar renn gjennom Kellerwald

  • Wesebach
  • Wilde
  • Wohra

To kunstige innsjøar ligg i Kellerwald:

Kjelde endre

Bakgrunnsstoff endre

51°01′N 9°02′E / 51.017°N 9.033°E / 51.017; 9.033