Kelvin

SI-eining for temperatur
Temperaturomrekningsformlar
Omrekning frå til formel
celsius fahrenheit °F = (°C · 9/5) + 32
fahrenheit celsius °C = (°F − 32) · 5/9
celsius kelvin K = °C + 273,15
kelvin celsius °C = K − 273,15
fahrenheit kelvin K = (°F + 460) · 5/9
kelvin fahrenheit °F = (K · 9/5) − 460
Fleire formlar for temperaturomrekning

Kelvin er SI-eininga for temperatur. Symbolet for kelvin er K.

Ein temperaturforskjell på 1 kelvin er lik ein forskjell på ein grad på celsius-skalaen. Men kelvin-skalaen byrjar mykje lågare; 0 K er det absolutte nullpunktet med temperatur lik −273,15 °C. Ofte er det nøyaktig nok å bruka −273 °C i omrekning mellom kelvin og grader celsius.

Eininga er kalla opp etter den britiske fysikaren og ingeniøren William Thomson, lord Kelvin.

Sjå òg endre

  Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.