Temperaturomrekningsformlar
Omrekning frå til formel
celsius fahrenheit °F = (°C · 9/5) + 32
fahrenheit celsius °C = (°F − 32) · 5/9
celsius kelvin K = °C + 273,15
kelvin celsius °C = K − 273,15
fahrenheit kelvin K = (°F + 460) · 5/9
kelvin fahrenheit °F = (K · 9/5) − 460
Fleire formlar for temperaturomrekning

Fahrenheit er ein temperaturskala som har namnet sitt etter den tyske fysikaren Gabriel Fahrenheit (1686–1736), som kom med framlegg om skalaen i 1724.

I denne skalaen er frysepunktet for vatn 32 grader (dette skriv ein slik: «32 °F») og kokepunktet 212 grader Fahrenheit. Dermed vert det 180 grader mellom koke- og smeltepunktet for vatn. Altså er ei grad Fahrenheit 5/9 av ein kelvin (ei grad kelvin tilsvarar ei grad Celsius.), og -40 grader Fahrenheit er lik minus -40 grader Celsius.

Bruk endre

Fahrenheit Lufttemperatur
10-20 Djup frost.
20-30 Lett frost.
30-40 Veldig kaldt. Nær frysepunktet.
40-50 Kaldt. Ein treng tjukke klede.
50-60 Veldig kjølig. Vanlege klede.
60-70 Kjølig. Lette klede.
70-80 Komfortabelt. Sommarklede.
80-90 Varmt. Til å halde ut. Minimalt med klede.
90-100 Heitt.
100 og oppover Svært heitt.
Ein må vere forsiktig så ein ikkje vert for heit.
 
██ Land som bruker fahrenheitskalaen. ██ Land som bruker både Fahrenheit og Celsius. ██ Land som bruker Celsius.

Innan den engelsktalande verda var fahrenheitskalaen den mest brukte måten å måla temperatur på innan meteorologi, industri og medisin fram til 1960-talet. Mot slutten av tiåret og på 1970-talet vart Celsius (på engelsk òg kjent som centigrade) gradvis innført som del av ei standardisering mot det metriske systemet. Trass i dette er Fahrenheit framleis eininga i dagleg bruk til ikkje-vitskaplege føremål.

Tilhengarar av systemet meiner dette er fordi skalaen er lett å forstå og bruka. Dei mindre einingane (5/9 av ei Celsius-grad) gjer at ein sjeldan treng dela dei opp og i staden kan bruka heile tal. I folkemedisinen er det lett å hugsa at ein feber på over 100 Fahrenheit treng medisinsk tilsyn. I tillegg er lufttemperaturen i dei delane av verda der folk bur som regel mellom 0 °F og 100 °F som er lett å dela inn i band på 10 grader. På den andre sida er det òg lett for dei som er vane til det å forhalda seg til Celsius-skalaen på same måten.

Anna endre

Antenningspunktet til papir er 451 °F (233 °C). Det er dette tittelen på boka av den amerikanske forfattaren Ray Bradbury, Fahrenheit 451 kjem frå.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre