Kennelbach
Kennelbach er ein kommune i distriktet Bregenz i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 3,22 km² med 1 900 ibuarar i 2016. Kennelbach ligg i Rhindalen 430 meter over havet, to kilometer søraust for distriktshovudstaden Bregenz. 54 % av landarealet er skogvakse.
Skifabrikken til sportsutstyr-firmaet Head er i Kennelbach.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kennelbach» frå Wikipedia på tysk, den 21. april 2016.