Kenneth Ryvoll Klev (fødd 15. oktober 1978) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Bærum. Han var venstrehendt rykkromspelar.

Kenneth Klev

Klev spelte på Bodø HK frå 1997 til 99. Deretter var han ein sesong i Kragerø IF, og frå 2000 til 2004 i Sandefjord TIF. Med Sandefjord vart noregsmeister i 2001/02 og i 2003. Han heldt så fram i dansk klubbhandball med Aalborg og ein halv sesong i Tvis Holstebro. I desember 2005 vart Klev overført til spanske Balonmano Altea. 2007/08-sesongen gjorde han teneste i tyske Gummersbach. Frå hausten 2008 til 2012 spelte han for Bergischer HC. Han avslutta med å spele for Haslum Håndballklubb i 2012/13-sesongen.

Klev debuterte på Noregs landslag 15. mars 2002 med siger mot Island, og avslutta 16. juni 2012 med siger over Ungarn. Han fekk aldri noko sentral rolle i mannskapet, men deltok for Noreg under Handball-EM 2012 for menn i Serbia. Gjennom 51 landskampar skåra han 81 mål.

Kjelder endre