Kenny Clarke
Kenny Clarke (9. januar 1914–26. januar 1985) fødd som Kenneth Clarke Spearman i Pittsburgh i Pennsylvania, var ein amerikansk jazztrommis. Han sat i husbandet på Minton's Playhouse i byrjinga av 1940-åra, og var sentral i utviklinga av bebopen. Bruken av ride cymbalen i moderne jazz vert gjerne tilskrive Clarke. Tidlegare var skarptromma (saman med basstromma) den viktigaste tromma ein nytta for å markere pulsen. Clarke byrja å flytte dette over til cymbalane, og let basstromma og skarptromma stå for markeringar i musikken.
Kenny Clarke | |||
| |||
Fødd | 9. januar 1914 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Pittsburgh | ||
Død | 26. januar 1985 (71 år) | ||
Dødsstad | Paris, Montreuil | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1931–1985 | ||
Sjanger | jazz, bebop | ||
Instrument | trommesett | ||
Plateselskap | Blue Note | ||
Verka som | trommeslagar, orkesterleiar, dirigent, jazzmusikar, komponist, plateartist, perkusjonist | ||
Prisar | NEA Jazz Masters |
Clarke var med i det fyrste mannskapet til Modern Jazz Quartet i 1951, og han deltok I fleire studioopptak for Savoy Records. Connie Kay erstatta han i MJQ i 1955, og frå 1956 budde Clarke i Frankrike, der han spelte med amerikanske musikarar som vitja Paris (mellom andre Bud Powell, som han spelte med i ein trio med Pierre Michelot). Saman med den belgiske pianisten Francy Boland starta han eit storband i 1961 med leiande europeiske musikarar og amerikanske musikarar som budde i Europa.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kenny Clarke» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juni 2006.