Kente er eit tradisjonelt mønstra klede frå Vest-Afrika som blir laga i Ashantiregionen i Ghana og delar av Elfenbeinskysten.

Veving av kente
Veving av kente på ein bandevevstol.
Ulike kentemønster.

Kledet blir vove av bomull eller silke, i nyare tid også kunststoff, i klare fargar. Det var tidlegare reservert kongelege. Fordi det ikkje blir laga silke i området blei det frå 1600-talet importert klede av silke som ein rekte opp for å få silketråd til å veva med.

Kenteklede blir vove som kring ti centimeter breie band på ein bandvevstol, og banda blir sydde saman for hand til eitt tøystykke. Mannsdrakta består av eit stort tøystykke som er cirka 2,5 meter breitt og 3,5 meter langt, sydd saman av 24 band. Det blir vikla kring kroppen som ein toga, med høgre skulder og arm fri. Kvinnedrakta består av eit stort eller to til tre mindre tøystykke som er sydde saman av fem til tolv 2 meter lange band.[1]

Ein ber kenteklede ved høgtidelege høve. Dei er politisk ladde, men er og blitt moteklede. I 2018 blei til dømes kente nytta til plagg på Louis Vuitton-visinga i Paris.[2] Kente er òg blitt nytta av amerikanske kongressmedlemmer ved demonstrasjonar i kongressen.[3]

I dag er kenteklede ikkje berre reservert for kongane og dei mektige høvdingane, men blir òg brukt til å masseprodusera vesker, slips, belte, hattar og ulike klede.[4] Få vevarar er interesserte i å laga kente etter dei strevsame, tidskrevjande og dermed kostbare gamle metodane, så mønstera er i dag ofte trykte på bomullstøy og importerte frå Kina.[2]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kente