Kerrera
Kerrera (skotsk-gælisk Cearrara, norrønt Kjarbarey) er ei øy i Indre Hebridane i Skottland, nær byen Oban. I 2005 hadde øya om lag 35 innbyggjarar. Det går passasjerbåt til fastlandet ved Gallanach Road.
Kerrera Lokalt namn ⓘ | |
---|---|
Gylen Castle på Kerrera | |
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 56°24′N 5°32′W / 56.4°N 5.53°W |
Øygruppe | Indre Hebridane
|
Areal | 12,14 km²
|
Høgaste punkt | Carn Breugach (189 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Argyll and Bute |
Største busetnad | Bailiemore
|
Demografi | |
Folketal | 35 (2005) |
Folketettleik | 2,9 /km² |
Øya er kjend for ruinane av Gylen Castle frå 1582. Det var òg staden der Aleksander II av Skottland døydde i 1249. Det høgaste punktet på øya er Carn Breugach på 189 meter over havet. Det meste av øya er eigd av McDougall-familien frå Dunollie, som er etterkomarar etter den skotske prinsen Somerled.
Hovudnæringa på øya er jordbruk (sau og Highland-kveg) og turisme. Det ligg ein kafe sør på øya nær Gylen Castle. Sjølve slottet har nyleg vorte restaurert og er i dag ope for publikum.
Galleri
endre-
Utsyn mot Gylen Castle på Kerrera.
-
Hamna Ardantrive på Kerrera, utsyn sørover frå Oban til ferja Craignure.
-
Kart over Kerrera
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kerrera» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2010.