Kesj (panjabi ਕੇਸ, også skrive kesh eller kes) er ein praksis innan sikhismen som går ut på å ikkje klippa eller barbera håret. Dette er ein del av Dei fem K-ane i sikhismen. Det er vanleg å kjemma håret med ein kam (kangha, ein annan av dei fem K-ane) to gonger dagleg og setja opp håret for så å dekka det med eit klede eller ein turban.

Sikh-mann med langt skjegg og håret i turban.
Sikh-gut med håret i knute dekt av ein rumal.

Alle sikhar kan følgja regelen, men han er særleg vanleg for dei som er døypte inn i khalsaen. Skikken blei grunnlagd av guru Nanak, den første sikh-guruen. Guru Gobind Singh formulerte kravet om å ikkje skjera håret i 1699.[1]

Langt skjegg og håret i ein turban gjer særleg sikh-menn lett identifiserbare både seg imellom og av andre.[2] I nokre høve har dette ført til forfølging og mishandling, anten av dei som sikhar[3] eller fordi dei er blitt forveksla med muslimar.[4] I nyare tid har ein del sikhar gått bort frå kravet, som dei ser på som krevjande og umoderne.[2][5]

Kjelder endre

  1. The Sikh Identity :5Ks, AllAboutSikhs.com, henta 9. november 2016 
  2. 2,0 2,1 «Young Men Get Haircuts, Annoying Their Elders», New York Times, 29. mars 2007 
  3. «Aussie teens try to cut Sikh youth's hair». Times of India. June 30, 2009. 
  4. «Indian Immigrant Killed in Ariz.; Man Charged in Slaying and 2 Other Attacks; Racism Suspected». Washington Post. September 17, 2001. 
  5. Priya Yadav, TNN (30. oktober 2006), 'Pagri not very attractive, out of tune with times' 

Bakgrunnsstoff endre