Panjabi

indoarisk språk

Pandsjabi eller panjabi[1] (panjabi ਪੰਜਾਬੀ [paṃjābī], nokre gonger skrive punjabi), høyrer til den indoariske greina av indoeuropeiske språk og blir snakka av folk i Panjab-regionane i India og Pakistan. Det har over 90 millionar talarar, og er dermed verdast ellevte mest tala språk.

Panjabi
ਪੰਜਾਬੀ / پنجابی
Klassifisering Indoeuropeisk

 Indoiransk
  Indoarisk
    Panjabi

Bruk
Tala i India, Pakistan og andre land med utvandrarar frå Panjab
Område Panjab
Panjabitalande i alt 27 125 000 (austlege, som morsmål)

78 000 000 (vestlege, som morsmål)

Rangering 11. største språket i verda
Skriftsystem Gurmukhi, sjahmukhi, devanagari
Offisiell status
Offisielt språk i Panjab, India
Normert av -
Språkkodar
ISO 639-1 pa
ISO 639-2 pan
ISO 639-3 pan
Wikipedia på panjabi

Panjabi er det heilage språket i sikhismen og det er det viktigaste språket for populærmusikksjangeren bhangra.

Ordet «panjabi» skrive med gurmukhi og shahmukhi.

Panjabi kan skrivast med tre ulike skriftsystem: Gurmukhi, som er spesiallaga for språket, sjahmukhi, som er ei tilpassa utgåve av det arabiske alfabetet, og devanagariskrift, som òg blir brukt for hindi.

India

endre

Panjabi er det offisielle språket i den indiske staten Panjab og blir òg tala i granneområde som Haryana og Delhi.

Pakistan

endre

Sjølv om kring halvparten av innbyggjarane i Pakistan har panjabi som morsmål, har språket ikkje offisiell status der og blir heller ikkje bruka i utdanninga. Panjabi-språklege pakistanarar brukar vanlegvis anten urdu eller engelsk i formelle samanhengar som offentleg styring, aviser og utdanning. Dette har ført til ein del misnøye blant det panjabi-språklege fleirtalet i Pakistan — eit fleirtal på 60 % om ein reknar med den nærskylde dialekten siraiki som blir tala kring den historiske byen Multan.

Andre land

endre

Panjabi blir tala som innvandrar- og minoritetsspråk i mange land, inkludert Afganistan, Storbritannia, USA og, ikkje minst, Canada: I Canada er panjabi det sjette største språket med 271 220 menneske som brukar det som daglegspråk.

Sikhismens heilage språk

endre

Panjabi er det heilage språket i sikhismen, og sikhanes heilage skrift Guru Granth Sáhib er hovudsakleg skriven på panjabi og med gurmukhiskrift.

Bruk i bhangramusikken

endre

Den populære populærmusikksjangeren bhangra, som i dei siste åra har vorte svært populær både i Sør-Asia og andre stader, har i all hovudsak tekster på panjabi.

Viktige forfattarar

endre

Kjelder

endre
  1. Normerte namn på norsk, jf. Protokoll fra styremøte 24. februar 2021, sprakradet.no

Bakgrunnsstoff

endre

  Wikipediapanjabi