Kevin Keegan

britisk fotballspelar

Joseph Kevin Keegan (fødd 14. februar 1951) er ein engelsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Armthorpe ved Doncaster. Han var angrepsspelar i mellom andre Liverpool FC og seinare Hamburger SV, to klubbar han gjorde stor suksess med. Keegan vart kåra til årets fotballspelar i Europa både i 1978 og 1979.

Kevin Keegan


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 14. februar 1951 (73 år)
Armthorpe
Idrett fotball
Tok del i VM i fotball 1982, EM i fotball 1980, EM i fotball 2000
Utmerkingar offiser av Den britiske imperieordenen, Gullballen

Karriere

endre

Klubbspel

endre

Keegan skreiv kontrakt med Scunthorpe United i 1968 og var aktiv i 3. divisjon til han sommaren 1971 vart overført til Liverpool FC. Dei neste seks sesongane bidrog han mykje til at laget vann tre ligameisterskap, to UEFA-cupar, FA-cupen 1974 og europacupen 1977. Perioden 1977-80 gjorde Keegan teneste i vesttyske Hamburger SV og vart kåra til årets fotballspelar i Europa 1978 og på ny i 1979. Sesongen 1978/79 var han med om å vinne bundesligaen. Våren 1980 tapte han og Hamburg med 0-1 mot Nottingham Forest i finalen i europacupen. Sidan spelte Keegan 1980-82 for Southampton FC og 1982-84 for Newcastle United i engelsk andredivisjon. Våren 1984 sikra Newcastle seg opprykk til 1. divisjon. Keegan ytte mykje med sine 27 ligamål, men kjende på at han var i ferd med å misse det kjappe steget, og bestemte seg for å leggje opp.

Landslagsspel

endre

Keegan debuterte på det engelske landslaget 15. november 1972. Frå 1976 til 1980 var han kaptein i 31 kampar, mellom anna då England vart slått ut or europameisterskapen 1980. Under verdsmeisterskapen 1982, hans einaste, sleit han med smertar i ryggen og kom på bana fyrst då England rauk ut or turneringa. Keegan spelte sin 63. og siste kamp for England i 1984, han skåra til saman 21 mål.

Merittar

endre
  • Vinnar av europacupen: 1977 med Liverpool FC
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1973 og 1976 med Liverpool FC
  • Engelsk ligameister; 1973, 1976 og 1977 med Liverpool FC
  • Vinnar av FA-cupen: 1974 med Liverpool FC
  • Finalist i FA-cupen: 1977 med Liverpool FC
  • Tysk ligameister: 1979 med Hamburg SV
  • Finalist i europacupen: 1980 med Hamburg SV
  • Britisk meister: 1973, 1975, 1979 og 1982 for England

Trenar

endre

Keegan var lagsjef i Newcastle United frå 1992 til 97. Han førte laget til opprykk til Premiere League og andreplass i ligaen i 1996. Frå februar 1999 til oktober 2000 var Keegan landslagssjef for England. Han trekte seg etter at det vart tap 0–1 mot Tyskland i ein kvalifiseringskamp til VM i fotball 2002. Perioden 2001-05 leia han Manchester City, også her tok han laget frå nivå 2 til øvste-ligaen.

Kjelder

endre