Kfar Yehoshua (hebraisk כְּפַר יְהוֹשֻׁעַ, tyder 'Josvalandsbyen') er ein moshav nord i Israel. Han ligg mellom Ir HaKarmel og Nasaret og høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 732.

Kfar Yehoshua
kibbutz
Kfar Yehoshua-jernbanestasjon i 2006.
Namneopphav: Josvalandsbyen
Land  Israel
Region Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Jezreeldalen
Koordinatar 32°41′0.95″N 35°9′14.04″E / 32.6835972°N 35.1539000°E / 32.6835972; 35.1539000
Folketal 1 224 (2019)[1]
Grunnlagd 1927
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Kart
Kfar Yehoshua
32°41′01″N 35°09′14″E / 32.683597222222°N 35.1539°E / 32.683597222222; 35.1539
Wikimedia Commons: Kfar Yehoshua

Moshaven vart grunnlagd i 1927[2] og vart kalla opp etter Yehoshua Hankin, som var ansvarleg for dei fleste store oppkjøpa av landområde for World Zionist Organization i det osmanske Palestina. Han hadde ein jernbanestasjon langs Jezreeldalen-banen som vart lagt ned midt på 1900-talet.

Biletgalleri

endre

Kjelder

endre