Khaidári
Lokalt namn Χαϊδάρι

Palatáki-tårnet i Khaidári
Geografi
Stad Aten
Koordinatar 38°01′N 23°39′E / 38.017°N 23.650°E / 38.017; 23.650
Areal 22,66 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Vest-Aten
Hovudsete Khaidári (45 642 innb.)
Demografi
Folketal 46 897 (2011[1])
Folketettleik 6866,5 /km²

Khaidári (gresk Χαϊδάρι, i antikken/katharevousa Χαϊδάριον, Khaidarion eller Haidarion) er ein kommune i dei nordvestlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Vest-Aten i periferien Attikí.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen Khaidári 46 897 innbyggjarar. Bydelen med same namn hadde 45 642 innbyggjarar, medan 1 255 budde i bydelen Skaramagás.[1]

Fjellet Egáleo ligg i nord. Dei austlege områda av Khaidári bestod tidlegare av jordbruksområde, men mellom 1950- og 1980-åra vart det kraftig urbanisert og i dag er det stort sett berre bustadområde igjen i den austlege halvdelen.

Referansar endre

Kjelde endre